Transportteneste for funksjonshemma (TT-ordning)

Beskriving

Er du funksjonshemma og treng dør-til-dør-transport for å delta i aktivitetar på lik line med alle andre, kan du søkje om TT-kort. Kortet dekkjer ei viss mengd reiser og du betalar ein eigendel for kvar tur. TT-ordninga skal brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.

 

Kriterium

Du kan vanskeleg nytte det ordinære kollektivtilbodet i kommunen. 

Handsaming

Det vil bli gjort vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Vedlegg

Legeerklæring

Referansar

 

Fann du det du leitte etter?