Nytt ungdomsråd

I møte den 14.desember 2015 vart det valt nytt ungdomsråd for perioden 2015 - 2017

Askvoll ungdomsråd 2015-2017. Foran frå venstre: Marie Rivedal Ask, Malene Ask Svellingen, Ole-Johan Øvreås, Vilde Larsen, Sofie Hopen Landøy, Yngve Blom Vesterås, Kamilla Rivedal, Elisabeth Guddal, Frida Marie Larsen Endestad, Andrine Leknes. Julie Sund var ikkje med på bildet.  - Klikk for stort bilete

Askvoll ungdomsråd (AUR) er ungdommen sitt øvste talerøyr, og arbeider for å fremje interessane og meiningane til ungdommen i kommunen vår.

Val av leiar og nestleiar

Askvoll ungdomsråd hadde eit sakalla konstituerande møte den 14.desember 2015, der medlemmene sjølv valde leiar og nestleiar. Leiar og nestleiar vert valde for eitt år. Sofie Hopen Landøy frå Bulandet skule (10.klasse) vart valt som leiar, og Kamilla Rivedal frå Askvoll skule 10.klasse) fekk nestleiarvervet.

I tillegg til leiar og nestleiar er desse ungdommer medlem i ungdomsrådet:

  • Ole-Johan Øvreås frå Askvoll skule (10.klasse)
  • Vilde Larsen frå Askvoll skule (9.klasse)
  • Elisabeth Guddal frå Askvoll skule (9.klasse)
  • Malene A. Svellingen frå Askvoll skule (8.klasse)
  • Frida Marie Larsen Endestad frå Gjelsvik skule (10.klasse)
  • Andrine Leknes frå Gjelsvik skule (9.klasse)
  • Yngve Blom Vesterås frå Bulandet skule (10.klasse)
  • Marie Rivedal Ask frå Askvoll (går på Dale vidaregåande)
  • Julie Sund frå Atløy (går på Mo og Øyrane vidaregåande)

Andre saker som ungdomsrådet handsama i møtet var fordeling av driftstilskot for 2015 til private ungdomsklubbar, val av representantar i styret til nærmiljøsentralen, og val av representantar som skal delta på felles folkemøte for ungdomsråda om kommunereforma i Førde 30.januar 2016.

Protokoll for møtet finn du her

På Askvoll ungdomsråd si eige Facebookside kan du følgje aktivitetane til rådet.

Opplæringsdag

Møtedagen starta med opplæring for dei nye medlemmene. Dag Henrik Nygard frå Ungdomspolitisk utval Sogn og Fjordane er fadder for Askvoll ungdomsråd, og fortalte om sine erfaringar som ungdomspolitikarar.

Etter opplæringa leidde Dag Henrik møtet fram til ny leiar for ungdomsrådet vart valt.

 
 
Opplæring for medlemmer i Askvoll ungdomsråd  - Klikk for stort bilete Teljekorpset - røysting ved val av ny leiar  - Klikk for stort bilete Askvoll ungdomsråd 2015-2017 (faste og varamedlemmer)  - Klikk for stort bilete
Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 02.11.2017 11:53
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post