Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom har ope tysdagar frå kl. 14.00 - 16.00 i skuleåret. Du treng ikkje tinge time på førehand.Her kan ein treffe helsesøster og lege. Du kan få råd og rettleiing om rus, røyk, alkohol, seksualitet, prevensjon, kjønnssjukdommar, psykiske problem, fysisk aktivitet og kosthald. Målgruppa er ungdom frå 13 - 20 år.

Beskriving

På helsestasjon for ungdom kan du få råd og rettleiing om mellom anna rus, seksualitet, kjønnssjukdommar, psykiske problem og kosthald. Du kan også bli vist vidare til spesialist. Helsestasjonen er ei delteneste til den vanlege helsestasjonsverksemda.

Målgruppe

Ungdom opp til 20 år

Pris

Tilbodet er gratis.

Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Rettleiing

Kontakt den nærmaste helsestasjonen din. Du treng ikkje å tinge time.

Referansar

 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Lind Mona

Lind Mona

Leiande helsesøster
Telefon : 57 73 46 15
E-post : Send e-post