Bustønad frå Husbanken

Bustøtte er ei behovprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader. Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som handsamar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Vilkår for bustøtte

Alle over 18 år kan søkje bustøtte bortsett frå studentar og personar i førstegongsteneste. Du kan likevel søkje dersom du:

  • er student med barn
  • er student utan barn og studiet er ein lekk i eit offentleg arbeidsretta tiltak
  • er under 18 år og har eigne barn.

Du må bu i bustaden du søkjer bustøtte for. Alle som bur i bustaden, må også vere registrerte i folkeregisteret.
 

Grenser for inntekt

Det er sett øvre grenser for kor høgt inntektsgrunnlag du kan ha for å kunne få bustøtte.
Her finn du ein oversikt over grensene
 

Korleis søkje bustøtte?

Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustøtte er den 14. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 10. i månaden.

Søk bustøtte >

Papirsøknad skal du sende til:

NAV Askvoll
Postboks 43
6988 Askvoll

 

Meir informasjon

På Husbankens bustøttesider kan du lese meir om bustøtte
Du kan også ta kontakt med NAV for å få hjelp og rettleiing.

NAV Askvoll
E-post
Telefon 55 55 33 33