Bod, uthus, leikehytte eller liknande

 Følgjande er unntatt søknadsplikt:

Om du svarar ja på følgjande punkt, treng du ikkje sende inn søknad til kommunen.

  • Tomta er bygd på frå før og nytt tiltak gjeld ein enkel frittståande bygning.
  • Det er over 4,0 meter til nabogrense og over 1,0 meter til annan bygning.
  • Bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA) er under 15 m2
  • Maks gesimshøgde er under 2,5 meter og maks mønehøgde er under 3,0 meter.
  • Tomta er regulert til bustad- eller fritidsformål, eller frådelt til dette formålet.
  • Overstig ikkje grad av utnytting for tomta. I reguleringsplanane er det fastsett maksimal tomteutnytting, det vil seie samla bruksareal i høve tomtearealet.
  • Er i samsvar med gjeldande planar for området.

Sjølv om du ikkje treng å søke kommunen, er du likevel ansvarleg for at bygget er i samsvar med regelverket. I tillegg bør du informere naboar før oppstart.

Følgjande er søknadspliktig, med du kan sjølv vere ansvarleg:

Svarar du nei på eit av punkta ovafor, men tiltaket er ein frittståaande bygning med samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) under 70 kvadratmeter, eller det er eit tilbygg til eksisterande bygning med samla BRA eller BYA under 50 kvadratmeter kan du sjølv vere ansvarleg. (Søknad om tiltak utan ansvarsrett).

Følgjande krev søknad frå kvalifisert føretak:

Skal du bygge større bygg enn nemnt ovanfor, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak, som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Gå til "Korleis søke?" >

Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 19.03.2015 14:53
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Liss Lien

Bygg- og eigedomssjef
Telefon : 57 73 07 33
E-post : Send e-post