Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Askvoll bibliotek

Askvoll bibliotek opnar dørene att tysdag 9. juni.  No kan du komme på biblioteket både for å låne og levere bøker.  Biblioteket vil ha nokre avgrensingar for besøkande og vi oppmodar om korte besøk.


Opningstider: 
Tysdag og torsdag: kl. 11.00 - 19.00                                                                              
Onsdag: kl. 10.00 - 15.00


Kva kan du gjere:
Bestille og reservere bøker via biblioteket si heimeside (hugs lånekort).
Hente reserverte bøker.
Plukke bøker og anna materiale frå hyllene og låne dei ut på utlånsmaskin (hugs lånekort).
Levere inn bøker i innleveringskasse ved inngangen.
Fjernlån er mogeleg, men kan ta noko lenger tid enn vanleg.

Kva du framleis ikkje kan gjere:
Det er ikkje mogeleg å nytte toalett, publikumsPC'ar, printer, brettspel eller andre tenester som innebær at du må opphalde deg over lengre tid i biblioteket. 
Avisleseplass og studieplassar er stengt.

Smittevern:
Vi oppfordrar til handvask før og etter bibliotekbesøk, og vi ber deg bruke sprit som vert sett fram ved inngangen. Vær nøye med handhygiene når du tek i bøker og anna utlånsmateriale.  Hald anbefalt avstand til andre besøkande og tilsette (1m).  Dersom du har luftvegssymptom ber vi om at du ikkje besøker oss enno.


 

Søk i samlinga vår                      Gå til BookBites                           Gå til Pressreader            

 

 Gå til Filmbib                              Gå til Lesekroken


Kontakt biblioteket for passord til lesekroken.
 

Ordinære opningstider (utenom skuleferier)
 

Opningstider Askvoll bibliotek
Dag Tid
Tysdag kl 11.00 - 19.00
Onsdag kl 10.00 - 15.00
Torsdag kl 11.00 - 19.00
Måndag og fredag stengt

 


Om Askvoll bibliotek

Askvoll bibliotek er eit kombinasjonsbibliotek mellom folkebibliotek og skulebibliotek. Biblioteket heldt til i fine lokaler på Askvoll skule - like ved Askvollhallen.

Biblioteket har barnekrok, ungdomskrok og vaksenavdeling med aviskrok.  Vi har 6 PC'ar til bruk for publikum. I andre høgda er det lokalsamling som i hovudsak består av Bernt Askevold si boksamling.

Biblioteket byr også på opplevingar som forfattarbesøk og utstillingar, i tillegg til desse nye tenestene:

 

 
 

Kontakt

Askvoll bibliotek

$(TITTEL)
Telefon : 57 73 33 33
E-post : Send e-post

 

Linda Strand

Biblioteksjef
Telefon : 57 73 33 34
E-post : Send e-post