Følgjekort for funksjonshemma

Følgjekort - Klikk for stort bilete

Har du ein langvarig funksjonshemning kan du søkje om følgjekort. Følgjekortet skal gje din følgjeperson gratis eller rabattert tilgang til ein del fritids- og kulturarrangement over store deler av landet

Følgjekort

Følgjekortet er eit kort med namn og bilde som fortel at vedkommande er avhengig av å ha med seg følgjeperson.
Søkjar må bu i kommunen for å kunne søkje og søknaden må være skriftleg. I tillegg må din lege fylle ut ei legeerklæring og eit passfoto må leggjast ved søknaden.

 

Gå til søknadskjema > (PDF, 30 kB)

 

Får du ikkje opna skjema? Last ned programvare for lesing av PDF-filer på Adobe sine nettsider.

Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande. Du vil komme i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.

Søknaden skal du sende til:

Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
6980 Askvoll

 

 

Ei rekkje institusjonar og arrangørar tilbyr gratis inngang eller billett til nedsett pris til følgjepersonen, mot at den funksjonshemma framviser følgjekortet. Ordninga sitt bruksområde er under stadig utviding.

Trykk her for å sjå informasjon om gyldige institusjonar og arrangørar i Førde Kommune. (PDF, 42 kB)  

Sist endra 27.09.2017 13:44
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Askvollheimen - Omsorgskontoret

Administrasjon
Telefon : 57 73 45 00
E-post : Send e-post

 

Anne Irene Fedøy

Sosialkonsulent
Telefon : 57 73 45 13
E-post : Send e-post