Flyktningtenesta

Flyktningtenesta i Askvoll kommune har ansvar for mottak, etablering og god integrering av nye flyktningar i kommunen 

Illustrasjonsbilete  - Klikk for stort bilete

Om flyktningtenesta

I samband med vedtaket om å busetje flyktningar, har kommunen tilsett ein flyktningkonsulent som er underlagt Rådmannskontoret. Konsulenten er ansvarleg for flyktningtenesta, og skal saman med Vaksenopplæringa, dei kommunale tenestene og ressursane i lokalsamfunnet, jobbe for god etablering og integrering av flyktningane.

Flyktningstenesta hjelper mellom anna til med:

  • Å skaffe bustad
  • Etablering
  • Praktisk hjelp og rettleiing i lokalsamfunnet
  • Oppfølging av introduksjonsprogram i samsvar med introduksjonslova

Om busettingsarbeidet i Askvoll kommune

Flyktningar som har fått opphald i Noreg skal busetjast i ein kommune. Dette ansvaret ligg hos Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), og kvart år oppmodar IMDi kommunane om å busetje eit visst tal flyktningar. Oppgåva er frivillig, og det er kommunen sjølv som avgjer kor mange flyktningar ein ynskjer å busetje.

Askvoll kommune har vedteke å ta i mot 17 flyktningar i 2015 og 15 i 2016.

For vaksne flyktningar i aldersgruppa 18- 55 år, skal kommunen leggje vekt på opplæring i norsk språk og samfunnsliv og gje moglegheit for språk- og arbeidspraksis slik at ein på kort eller lengre sikt kan gå inn i ordinært arbeidsliv. Den overordna målsetjinga er at ein skal delta i det ordinære vaksenlivet og dermed klare seg sjølv. Ved å gjere vedtak om busetjing, har kommunen forplikta seg på å gje tilbod om introduksjonsprogram i samsvar med Introduksjonslova.

Askvoll kommune ynskjer mangfald, og vi ser på kvarandre som ressursar.

Vi ynskjer flyktningane velkomne til kommunen!

Korleis kan du bidra?

Askvoll kommune ynskjer at du som er engasjert og som ynskjer å gjere ein skilnad, set ditt preg på denne viktige samfunnsoppgåva i lag med kommunen. Vi håpar at vi i fellesskap kan finne fram til gode idear om møteplassar, aktivitetar og anna som gjer at flyktningane kjenner seg velkomne i kommunen vår og vert ein del av Askvollsamfunnet.

  • Er du privatperson eller lag/organisasjon som ynskjer å bidra som fadder/ med sosiale aktivitetar?
  • Er du arbeidsgjevar som ynskjer å gje tilbod om språk-/ arbeidspraksis?
  • Ynskjer du å bidra på andre måtar?

Vi høyrer gjerne frå deg! Du kan ta kontakt med flyktningskonsulenten Hildegunn Bjørvik på tlf. 57730716 /mob. 40428757 eller per e-post Hildegunn.Bjorvik@Askvoll.kommune.no.

Publisert av Jeroen van Gangelen. Ansvarleg Hildegunn Bjørvik, flyktningskonsulent. Sist endra 17.02.2017 14:08 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hildegunn Bjørvik

Flyktningkonsulent
Telefon : 57 73 07 16
Mobil : 40 42 87 57
E-post : Send e-post

 

Lover og forskrifter (2)
Sjå også (1)
 
 
Login for redigering