Skjenkeløyve - ambulerande løyve og einskildløyve

Du kan søkje om ambulerande skjenkeløyve om du ønskjer å servere alkoholhaldig drikk mot betaling i eit slutta selskap. Einskildløyve gjeld arrangement som er opne for publikum.

> Gå til søknadsskjema


Ambulerande skjenkeløyve

Ambulerande skjenkeløyve gjeld slutta lag, det vil seie at ein på førehand veit kven som skal vere med på arrangementet.

  • Ein person må vere ansvarleg for skjenkinga
  • Søknaden må innehalde stad for arrangementet, kva som skal skjenkast og ønskt skjenketid
  • Eit gebyr på kr 250,- vert krevd inn i ettertid

Rådmannen har fått delegert mynde til å gje løyve.

Det er ikkje høve til å annonsere for arrangement med ambulerande løyve

Du treng ikkje ambulerande skjenkeløyve om du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkoholhaldig drikk eller du serverer alkohol utan betaling.

 

Einskildløyve

Einskildløyve  gjeld arrangement som er opne for publikum. Kommunen vil i slike saker innhente uttale frå lensmannen og sosialtenesta (NAV)

Formannskapet har fått delegert mynde til å gje løyve.

I ruspolitisk plan for Askvoll kommune for perioden 2012 – 2016 står det m.a. følgjande om einskildløyve:
«Kommunen kan gje løyve for eit bestemt høve for skjenking til ein ubestemt krets personar. Det vil vere eit alminneleg løyve.  Løyve må knytte seg til ei bestemt hending. Alkohollova definerer ikkje nærare kva for situasjonar som kan falle inn under omgrepet einskildløyve.»

  • Einskildløyve kan berre gjevast til store arrangement.
  • Målgruppa skal vere vaksne over 18 år
  • Einskildløyve må vurderast i høve til konkurranse med dei som har faste alminnelege løyve.
  • Den ansvarlege for skjenkeløyve skal ha bestått kunnskapsprøve etter alkohollova.
Publisert av Inger Johanne Helle Breidvik. Sist endra 20.03.2017 09:12 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
Lover og forskrifter (1)
 
 
Login for redigering