Næringsfond og tilskot

Kommunalt næringsfond og kommunalt tilskot til nærings- og infrastrukturretta tiltak.

Utsikt over Askvoll, Olsetvikane, Leira og Atløynipa, sett frå Loftheimsåsen.
 - Klikk for stort bilete

 

Kommunalt næringsfond


Det kommunale næringsfondet er eit verkemiddel i arbeidet for å styrke og utvide lokalt næringsliv og arbeidsmarknad, samt gjere Askvoll kommune til ein meir attraktiv kommune å bu og arbeide i.

Støtteordningar:

  • Investeringstilskot. Det kan søkast om støtte til investering i bygg, maskiner og utstyr. Tilskotsprosenten er frå 0 - 30 % av totalkostnaden til investeringsprosjektet, på inntil 500 000 kr.

  • Bedriftsutviklingstilskot. Det kan søkast om tilskot til utviklingskostnadar, både ved etablering og utvikling av verksemd. Til dømes kan dette gjelde utgreiing, opplæring/kompetanseheving, planlegging,  marknadsavklaring, profilering og produktutvikling). Tilskotsprosenten er frå 0 - 50 % av totalkostnaden i prosjektet, på inntil 200 000 kr.

  • Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur. Det kan gjevast tilskot til regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale analyser og utgreiingar. Tilskotsprosenten er inntil 100 % av totalkostnadane i prosjektet, utan øvre beløpsgrense.

  • Arrangementstøtte. Tilskot til arrangement som har som mål å marknadsføre kommunen og regionen, utvikle næringslivet i kommunen eller profilere fleire verksemder i kommunen og regionen på ein større marknad. Tilskotsprosenten er inntil 100 % av totalkostnadane i prosjektet, utan øvre beløpsgrense.

For utfyllande informasjon, sjå vedtektene.

Søknaden bør innehalde følgjande:

  1. Om tiltaket
    Ei god beskriving av ideen/prosjektet. Det må gå klart fram av søknaden kva tilskotet er tenkt til.
    Målsettingar, gjerne med resultatmål og langsiktige planar.
    Ein prosjektplan med milepelar/framdriftsplan.
  2. Kva skal tiltaket føre til?
    Få fram viktige positive forhold. Har det til dømes betydning for utvikling av den aktuelle næringssektoren, for utviklinga av den aktuelle verksemda, for å sikre eksisterande arbeidsplassar eller potensial for å skape nye?
  3. Økonomi:
    Kostnads- og finansieringsplan som er realistisk og gjerne med margin for mogeleg usikre moment.
    Om du har mottatt offentlig støtte dei siste tre åra må det leggast ved oversikt.
    Siste års rekneskap og budsjett for inneverande år bør for etablerte verksemder leggjast ved.
  4. Om søkaren:
    Søkarens namn, bedriftsnamn, adresse, organisasjonsnummer, e-post og telefon.
    Ta med annan info som er relevant for søknaden. Til dømes relevant kompetanse, erfaring og ressursar som verksemda sit på.

I vurderinga av prosjektet blir det lagt vekt på marknaden, konkurrentar, sysselsetting, lønnsemd, verdiskapingspotensiale og om det har ein utløysande effekt. I tillegg vert kostnads- og finansieringsgrunnlaget vurdert. Personleg faglig/praktisk kompetanse, gjennomføringsevne og økonomi samt om tiltaket samsvarar med næringsplanen til kommunen vil òg kunne bli vektlagt.

Søknadsfrist

Næringsfondet har rullerande søknadsfrist og søknader vert handsama fortløpande av næringsfondstyret med tilbakemelding innan fire veker.  

Slik sender du inn søknad:

  1. Gå inn på nettsida www.regionalforvaltning.no
  2. Trykk på "Registrering". Lag eit brukarnamn og eit passord
  3. Trykk på "Ny søknad"
  4. Vel fylke "Sogn og Fjordane"
  5. Vel støtteordning "Kommunalt næringsfond Askvoll kommune"
  6. Skriv inn ein beskrivande "Søknadstittel"
  7. Trykk på "Opprett ny søknad"
  8. Fyll inn tekst i alle felta. Husk å trykke på "Lagre og neste" mellom kvar gong.
  9. Ikkje gløym å laste opp relevante vedlegg om bedrift/prosjekt. Desse må du ha gjort klart på førehand. Eksempel: Rekneskap, investeringsbudsjett, forretningsplan, marknadsanalyse, konsept, design.
  10. Husk å trykke på "Send inn søknad" når du er ferdig med søknaden

Rettleiar for oppretting av ny søknad finn du her. Ta gjerne kontakt med næringsrådgjevar, Arve Åsnes, før du sender søknaden din.

 

Kommunal støtte til næringsføremål

Kommunestyret har vedtatt at 30% av inntektene frå eigedomsskatt frå verk og virke og anna næring skal settast av til nærings- og infrastrukturretta tiltak.

Tilskotet skal nyttast til finansiering av:

  • næringsretta tiltak som ikkje vert finansiert gjennom det ordinære kommunale næringsfondet.

  • kommunal eigenfinansiering av infrastrukturretta tiltak som breiband- og mobilutbygging.

  • planleggsarbeid av nye driftsbygningar innan landbruksnæringa som ikkje vert finansiert gjennom landbruket sine ordninære tilskotsordningar.

Tilskotsordninga skal ikkje vere i konkurranse med det ordinære kommunale næringsfondet.

For meir utfyllande informasjon, sjå vedtektene.

Søknader om tilskot frå denne ordninga sendast til Askvoll kommune, Pb. 174, 6988 Askvoll, eller på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no. Det er ingen søknadsfrist, og søknader kan sendast inn fortløpande.  

Kontakt

Arve Åsnes

Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
Telefon : 57730727
Mobil : 41553275
E-post : Send e-post