Breiband

Regjeringa har etablert ei tilskotsordning for breiband. Gjennom denne ordninga vil regjeringa sikre eit tilstrekkeleg godt breibandtilbod til områder det ikkje er lønsamt å byggje ut på kommersielle vilkår

Graving Askvoll sentrum - Klikk for stort bilete Kommunane og fylkeskommunen kan søke Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) om støtte frå denne tilskotsordninga. Det er ei årleg søknadsrunde med søknadsfrist om våren og tildeling om hausten. Regjeringa har i 2016 sett av 126,5 millionar til breibandutbygging, ei auke på 16,5 millionar frå 2015. I 2014 var potten 160 millionar kroner.

Formålet med ordninga er å bidra til at alle husstandar får tilbod om breiband av grunnleggande god kvalitet (dvs. mellom 4 og 30 Mbit/s nedlasting). Det kan også gjevast tilskot til å auke kapasiteten for breiband i områder det ikkje kan forventast å komme nye kommersielle tilbod i dei næraste åra.

Evalueringskriterier for søknaden

Ordninga er teknologinøytral med krav til prosjektskildring og dokumentasjon etter seks fastsatte evalueringskriterier.

  1. Tal nye husstandar som får eit breibandstilbod
  2. Kostnadseffektivitet
  3. Lokal medfinansiering
  4. Plan for berekraftig drift
  5. Forbetring av eksisterande breibandstilbod
  6. Påverknad på lokal samfunnsutvikling

Samarbeid med bygdelag i kommunen

Utbygging av moderne og framtidsretta breibandnettverk er ei utfordrande oppgåve og krev stor lokal innsats over lengre tid. Samarbeid mellom kommune og bygdelag er avgjerande for både mobilisering, planlegging og gjennomføring av breibandprosjekt.

Viktige oppgåva bygdelaga kan starte med er kartlegging av behov og interesse for utbygging av breiband i bygda. Bygdelaga bør lage ei interesseliste med oversikt husstandar som vil inngå avtale når tilbod kjem, og som ønskjer å gå inn med ein eigenandel i form av dugnadsinnsats eller finansielle midlar. 

IT-Forum Sogn og Fjordane har utarbeidd ein rettleiar for å hjelpe bygdelag til lettare å kunne realisere utbygging av moderne og framtidsretta kommunikasjonsnettverk.

I tillegg vert bygdelaga oppmoda til å kartlegge eksisterande nettverkskapasitet i aktuelt området ved å måle opplevde hastigheit i nettet.

Teste hastigheit i mobilnettet

Dekningskarta er ikkje alltid heilt pålitelege. Det er difor viktig at dei som opplever låg nedlastingshastighet i mobilnettet måler denne, og sender resultatet til kommunen. Særleg når hastigheita er under 4 Mbits er det viktig å få dette dokumentert dersom dette avvik frå dekningskarta. Men også målingar som viser hastigheit over 4 Mbits er viktig å få innmeldt.

Vi ber dykk om å måle surfehastigheita på mobilen din (innandørs), og rapportere inn resultatet. Dei målingsresultata vi får inn, vert brukt for å kartlegge område utan grunnleggjande breiband og som dokumentasjon til søknaden om tilskot til breibandutbygging. Prioriteringa av søknadene i 2016 vert basert på dette.

Resultatet av testen kan meldast inn ved å bruke elektronisk skjema. Skjemaet inneheld rettleiing med omsyn til korleis ein kan teste surfehastigheita på mobilen sin.

Gå til registreringsskjema >

Tidlegare utbyggingsprosjekt i Askvoll kommune

I 2014 fekk Askvoll kommune tildelt 2 817 500 i statleg støtte frå den nye tilskotsordninga til fiberutbygging på Bulandet og i Værlandet. I løpet av hausten 2016 skal fiberutbygginga vere ferdig her.

I perioden 2013 – 2015 er det bygd ut radioløysing på Hellestrand og i Vårdal, og fiber i Askvoll sentrum. Desse prosjekt har fått støtte frå tidlegare tilskotsordningar til breibandutbygging.

Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 18.03.2016 14:11 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post

 

 
 
Login for redigering