Lovsaker i landbruket

Mitttunet - Klikk for stort bilete  

Omdisponering og deling etter jordlova

Jordlova har regler om omdisponering av dyrka jord og om deling av landbrukseiendom. Ei sak om deling skal handsamast både etter jordlova og plan- og bygningslova. 
  Informasjon og rettleiing ved søknad om deling/omdisponering

 

Konsesjon for overtaking av fast eigedom

Har du fått skøyte eller kjøpekontrakt på fast eigedom må du i utgangspunktet søkje om konsesjon. Konsesjonslova sin formålsparagraf skal sikre at viktige samfunnsinteresser som landbruket, miljø, utbyggingsgrunn vert ivaretekne ved overtaking av fast eigedom.

 

Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved overtaking av fast eigedom

Dei fleste eigedomsoverdragingar er konsesjonsfrie på grunn av at:

  • kjøpar har odel til eigedomen
  • kjøpar har nært slektskap til seljaren
  • tomta ligg i regulert område eller er godkjend etter plan- og bygningslova
  • eigedomen er bebygd og har mindre enn 35 daa fulldyrka/overflatedyrka jord eller under 500 daa produktiv skog..

Sjølvom overdraging er konsesjonsfri, skal kommunen stadfeste opplysningane i skjemaet.     

 

Buplikt

Buplikt inntrer ved erverv av bebygd eigedom hvor fulldyrka og overflatedyrka jord er meir enn 35 dekar, eller der eigedomen består av meir enn 500 dekar produktiv skog.

Buplikten blir oppfylt ved at erverver busett seg på eigedomen innan eitt år etter ervervet, og bur der i minst 5 år. Eigedomen skal vere den reelle bustad jf. reglar fastsett i eller i medhald av lov 16. januar 1970 nr. 1 om folkeregistrering.
Dersom erverver ikkje ønskjer å busette seg på eigedomen må det søkast om konsesjon. Dette gjeld sjølv om ervervet i utgangspunktet er konsesjonsfritt som følgje av odel eller nært slekt. For meir informasjon om konsesjon - sjå Konsesjon.
Publisert av Velaug Helle Eikemo. Sist endra 25.01.2018 12:45
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Geir Grytøyra

Kommunalsjef landbruk
Telefon : 57 73 07 36
Mobil : 97 06 99 46
E-post : Send e-post