Lokal transporttilbod for ungdom

På vegne av kommunen søkjer Askvoll ungdomsråd kvart år Sogn og Fjordane Fylkeskommune om tilskot til lokale transporttilbod for ungdom (LTU)

Kven og når kan vi bruke transportmidlane?

Tilbodet er primært retta mot ungdommar mellom 13 og 19 år.
Midlane skal nyttast til fleksible og tygge transporttilbod for ungdom. Askvoll kommune nyttar midlane i samband med aktivitetsturar, arrangement og skyss til faste fritidsaktivitetar på ettermiddag og kveld.

Transporttilbodet skal ikkje nyttast "side om side" med vanleg buss og ferje. Det vert forventa at buss/ferja vert nytta når det passar med offentleg transport til aktuell aktivitet.

Tilbodet krev eigendel frå brukaren.

Kva kan ein ikkje nytte transportmidlane til?

  • shoppingtur til andre kommunar

  • private festar

  • idrettskampar

  • arrangement som inkluderer alkohol/andre rusmidlar

Plan for bruk av transportmidlane og satsar for eigenandel

Asvoll ungdomsråd vedtok i sak 010/15 plan for bruk av LTU-midlar. Planen inneheld retningsliner for bruk, med satsar for eigenandel, ulike tiltak ein skal nytta prosjektmidlane til og korleis ein kan tinge transport.

Korleis tingar vi transport?

Ein må søke før transporten finn stad, og dei same krava om eigenandel og aldersgruppa er gjeldande.

Send melding på e-post til Kjetil.Rorstad.Nordvik@Askvoll.kommune.no med desse opplysningar:  

  • tal personar som treng transport
  • namn og telefonnummer på ein av dei (desse opplysningar vert sendt til sjåføren som kontaktinformasjon for transporten)
  • tidspunkt og stad for henting
  • og kor du skal

Rapportering av transporttilboda

Det er rapporterings- og rekneskapsplikt på tilskota, og Askvoll kommune sender årleg inn rekneskap for bruken av midlane.

Andre transportordningar for ungdom

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) er ei ordning som kjem i tillegg til ungdomstilbod som "Trygt heim for ein 50 – lapp" og "Ungdomskortet". Meir om desse ordninga kan du lese på Sogn og Fjordane fylkeskommune sine heimesider

Publisert av Jeroen van Gangelen. Ansvarleg Askvoll ungdomsråd. Sist endra 26.10.2017 09:52
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post

 

 
 
Login for redigering