Askvoll Danseverkstad

Danseverkstadane blei etablert av Dans Utan Grenser (DUG) i Sogn og Fjordane i 2006, og Askvoll har sidan hatt sin eigen danseverkstad.

Danseverkstad 2015 - foto: Elin Sjøstrand  - Klikk for stort bilete Danseverkstad ideen

Modellen for Danseverkstaden er utvikla av Dans Utan Grenser i samarbeid med Helse og sosialdepartementet og Norsk kulturråd. Danseverkstaden vert driven av unge for unge.

"Ung til ung" formidling

Ungdomar blir gjennom opplæringsprogram kvalifisert til å bli instruktørar, på denne måten underviser unge andre unge. Instruktørane får ikkje lønn for arbeidet i form av pengar, men dei får ei kompetanseheving innan dans og formidling, og eit dansefagleg nettverk. 1 eller 2 instruktørar har ansvar for kvar gruppe.

Desse står bak

Danseverkstaden er etablert i samarbeid med kommunen, fylkeskommunen sitt folkehelseprogram og Dans Utan Grenser.

Verdiar og haldningar

DUG jobbar mykje med verdiar og haldningar hjå dei som blir utdanna som instruktørar.

Dette vert formidla ut i danseverkstadane  opp mot elevane i danseverkstaden. Dans Utan Grenser skal vere « ein plass for alle « eit låg terskel tilbod. Det vert lagt stor vekt på at instruktøren skal «sjå» alle elevane og sørgje for at alle i elevgruppa blir inkludert.

Målet er at kvar einskild danseverkstad skal drive sin eigen aktivitet sjølvstendig i samarbeid med sin kommune.

Om denne danseverkstaden

I Askvoll har vi 12 ungdommar som nyleg er ferdig med danseutdanning. Desse ungdommane vil ta over undervisninga frå hausten av. Om det er interesse og nok elevar, ynskjer vi å starte opp grupper i Bulandet / Værlandet, Atløy, Askvoll og i Kvammen frå hausten 2015.

Det er instruktørane sjølve som lagar koreografi tilpassa si aldersgruppe. I danseverkstaden legg vi vekt på at elevane skal oppleve danseglede, samhald og at dette er ein god stad for alle.

 

 

Publisert av Jeroen van Gangelen. Ansvarleg Elin Sjøstrand. Sist endra 14.10.2015 14:48 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Elin Sjøstrand

Elin Sjøstrand

Folkehelsekoordinator
Telefon : 57 73 46 21
Mobil : 46 85 48 53
E-post : Send e-post

 

 
 
Login for redigering