Tilskot innanfor kultur, idrett og friluftsliv

Kulturmidlar:

Lag, organisasjonar og enkeltpersonar kan søke kulturmidlar til kulturarrangement og -aktivitetar.

Tilskotsordningar har søknadsfrist årleg den 1.mai, og vert lyst ut i månadsskifte februar/mars. I 2017 har Askvoll kommune kr. 70 000 til fordeling.

Administrasjonen ved rådmannen fordeler midlane. Søkjar får melding om vedtak innan 1.juli.

Tilskot vert ikkje gitt til ordinær drift av lag.

Ung i Askvoll-midlar:

Ungdom mellom 13 og 20 år frå Askvoll kommune kan søkje om støtte frå ordninga «Ung i Askvoll» til musikk, teater/film, kurs og fritidsaktivitetar etc.

Tilskotsordningar har søknadsfrist årleg den 1.mai, og vert lyst ut i månadsskifte februar/mars. I 2017 har Askvoll kommune kr. 12 500 til fordeling.

Askvoll ungdomsråd fordeler midlane. Søkjar får melding om vedtak innan 1.juli

Basistilskot til ungdomsklubbar/frivillig ungdomsarbeid

Askvoll kommune set kvart år i budsjettet av ein sum pengar til driftstilskot til frivillige ungdomsklubbar/ungdomsarbeid i kommunen. For 2016 er det kr. 30.000,- til fordeling.

Krav til søkjar:

Ungdomsklubben må ha eit styre, ein leiar og ein eigen konto. Klubben må ha ein aktivitetsplan, føre enkel oversikt over aktivitetar og tal deltakarar gjennom året og rekneskap for drifta.

Krav til aktiviteten:

Aktiviteten i klubben skal vere open for alle. Eventuelle inngangbillettar/eigenandel må ikkje vere av slik storleik at nokon ekskluderast frå å vere med på grunn av økonomi.

Tilskotsordninga har årleg søknadsfrist i månadsskifte november/desember, og vert kunngjort på vår nettside og Askvoll kommune sin facebookside.

I 2016 er søknadsfristen 3.november 2016.

Gå til søknadsskjema >

Askvoll ungdomsråd handsamar søknadene, og fordeler tilskotet.

Desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg

Ordninga vert forvalta av fylkeskommunane, og føremålet er å medverke til eigna lokale, bygg og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Tilskot kan bli gitt til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst.

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Lokala må vere planlagt ut frå definerte behov og bør vere fleksible (universell utforming). Kulturhusa bør lokaliserast sentralt i lokalsamfunnet eller regionen.

Søknader om tilskot til kulturbygg skal leverast elektronisk til Askvoll kommune innan 31.mars.

Søknadar sendast elektronisk via www.idrettsanlegg.no, følg lenka under. Logg inn i søknadsskjemaet og hak av for «kulturbygg» i fane nummer to i søknaden.
 
Før du søkjer må du kontakte kommunen for å få tildelt eit anleggsnummer.
 

< På Sogn og Fjordane fylkeskommune sin heimeside finn du retningslinjer og informasjon om ordninga

 

Søknadsskjema >

Rivedal Bygdelag har pussa opp huset både innvendig og utvendig med stor eigeninnsats og støtte frå spelemidlane til kulturbygg. - Klikk for stort bilete

 

Kommunalt tilskot til utbygging av private anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Ordninga gjeld utbygging og rehabilitering av private anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
Det kommunale tilskotet vert knytt opp mot ordninga for tilskot frå spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.

Prosjekt som kan få kommunalt tilskot, skal også vere berettiga til å søkje tilskot frå spelemidlar. Og prosjektet skal utførast i samsvar med Kulturdepartementet sine føresegner for dei einskilde anlegg.Tildeling av midlar vert gjort årleg av kommunestyret, i samband med rullering av handlingsprogrammet til kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet og prioritering av Askvoll kommune sine spelemiddelsøknader.

I budsjettet for 2016 er det sett av kr. 150.000,- til ordninga. Ordninga er permanent, men den økonomiske ramma vert fastsett årleg av kommunestyret
gjennom budsjettvedtak.

Retningsliner for ordninga (PDF, 328 kB)
 



 

Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 23.02.2017 15:30 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post

 

 
 
Login for redigering