Lag og organisasjonar i Askvoll kommune

Under menypunktet "finn lag/organisasjon" ligg det ein oversikt over lag og organisasjonar i kommunen vår. Her finn du nyttig informasjon om laga som kontaktopplysningar og aktivitetar dei driv med

Pålogging for lag/organisasjonar

Vi oppmodar alle lag og organisasjonar i kommunen til å nytte registeret Lag og organisasjonar. Registeret gjev oversikt over frivillig kulturliv i kommunen vår, både organisasjonar og aktivitetar.

Lag og organisasjonar kan opprette ei eige profil, der dei kan registrere og administrere nyttig informasjon om laget sitt og ulike aktivitetar ein driv med. Ein kan også leggje inn framtidige hendingar og arrangement som vert vist i kalenderen på vår heimesida si framside under "Kva skjer?".

Tenesten er eit nyttig verktøy som gjer det lettare for både kommunen, innbyggjarane og tilflyttarar å hente inn informasjon om dei ulike lag og foreiningar i Askvoll kommune. Difor oppmodar vi alle frivillige lag og organisasjonar til å registrere seg.

Ved førstegongspålogging må ein registrere laget sitt ved å opprette brukarnamn og passord.
Her finn du informasjon om korleis du opprettar ein profil for laget ditt. (PDF, 2 MB)

Hjelp oss å halde informasjon oppdatert

Ny leiar? Send oss ein e-post på postmottak@askvoll.kommune.no  

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post