Individuell Plan

Individuell plan er for deg som har hjelp frå mange ulike tenester. Planen skal vise dine mål og ønskje for i dag og fram i tid. Dokumentet er eit verktøy og ein metode for samhandling mellom deg og dei ulike hjelparane

Korleis søkje

Søkjar av Individuell Plan må bu i kommunen. Du må sende ein skriftleg søknad.
 

Gå til søknadskjema >


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt og levere den med søknaden (PDF, 28 kB)

Får du ikkje opna skjema? Last ned programvare for lesing av PDF-filer på Adobe sine nettsider.

Koordineranda eining handsamar søknaden fortløpande og det blir i samband med dette gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin livssituasjon. Du vil komme i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.

 Søknaden skal du sende til:

Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
6980 Askvoll

Målsetting med Individuell plan:

  • Å legge til rette for at du får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod

  • At du har ein kontaktperson som har hovudansvaret for å hjelpe deg

  • Styrke samhandlinga mellom deg og dei du får hjelp frå

Praktisk informasjon

  • Søknaden vert vurdert ut frå behov for hjelp
  • Planen er eit dokument og gjer ikkje auka rett til tenester
  • Får du individuell plan har du rett på eiga ansvarsgruppe
  • Ansvarsgruppa består av kontaktpersonar frå dei ulike tenestene du har
  • Du må vere med på ansvarsgruppemøte og delta i utforming av planen

 

Publisert av Vegard Vatne. Ansvarleg Stein Helle. Sist endra 18.04.2016 11:37
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Askvollheimen - Omsorgskontoret

Administrasjon
Telefon : 57 73 45 00
E-post : Send e-post

 

 
 
Login for redigering