Bufelleskap

Sansehagen på Askvollheimen 2004. - Klikk for stort bilete Bufelleskap på Askvollheimen er eit heildøgns omsorgstilbod for pleietrengjande som har behov for medisinsk/sjukepleiefagleg oppfølging og stell gjennom døgnet.

Føremålet med bufellesskap for eldre er å tilby tilrettlegging med bemanning der eigen bustad er ueigna og der bustad og bemanning kan bidra til sjølvstendig og sosial kontakt. Helsesvikten må ha eit omfang som heimesjukepleie og korttidsopphald ikkje kan kompensere for. Ved bufelleskap betaler ein husleie, felleskostnader og matkostnader pr. månad.

Korleis søkje

Du må bu eller opphalde deg i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.

Gå til søknadskjema >

 

Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt og levere den med søknaden (PDF, 28 kB)

Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande og du vil komme i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.

Søknaden skal du sende til:

Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
6980 Askvoll

Målgruppe

  • Eldre som ikkje får dekka sitt daglege behov for pleie og omsorg i heimen eller i omsorgsbustad.

Vilkår

  • Søkjar må ha behov for langtidsopphald
  • Før bufellesskap vert innvilga bør det vere prøvd ut med tenester i heim

Betaling

Betaling bufellesskap år 2017
Husleige kr. 6034,- pr. månad
Fellesutgifter kr. 968,- pr. månad
Matutgifter kr. 4178,- pr. månad
Praktisk bistand Etter inntekt. Sjå vedlagt link/skjema

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Vegard Vatne. Ansvarleg Stein Helle. Sist endra 22.02.2017 13:26 av Follevåg, Magni Håland
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Marit Erikstad

Seksjonsleiar, Omsorgssenter 1
Telefon : 57 73 45 05
E-post : Send e-post

 

Håvard Søreide Yndestad

Seksjonsleiar, Omsorgssenter 2
Telefon : 57 73 45 12
E-post : Send e-post

 

 
 
Login for redigering