Psykiatrisk sjukepleie

Psykiatrisk sjukepleieteneste utfører sjukepleiefagleg rettleiing, støtte, oppfølging av medisinering m.m. ved psykiske lidingar.

Tenesta tek i all hovudsak imot personar over 18 år.

Kontoradresse

Begge psykiatriske sjukepleiarar har kontor i 2. etg. på Helsehuset.

Arbeidsoppgåver

Ein psykiatrisk sjukepleiar kan hjelpe folk med psykiske lidingar, rus eller som har ein vanskeleg livssituasjon.  Hjelpa kan vere støttesamtalar, medisinhandtering, råd og rettleiing, både for pasient og pårørande.

 

Søknad

Dei som meiner dei har behov for psykiatrisk sjukepleieteneste kan søkje om hjelp.  Søknaden må innehalde kva teneste du søkjer om og ei kort forklaring kvifor. Kryss av for helsehjelp, psykiatrisk sjukepleie. Psykiatrisk sjukepleiar vurderer hjelpebehovet og i samråd med kommunalsjef helse- og omsorg får du evt. tildelt psykiatrisk sjukepleieteneste. Du kan søkje om tenesta forløpande. Innan tre veker kontaktar psykiatrisk sjukepleiar deg. Tenesta er gratis.

Gå til søknadsskjema > (PDF, 30 kB)

Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt og levere den med søknaden (PDF, 28 kB)

Klage på vedtak

Vedtak kan klagast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.  Ei evt. klage skal sendast til omsorgskontoret der kommunalsjef helse- og omsorg er sakshandsamar.  Klaga kan fremjast muntleg eller skriftleg, der det vert grunngjeve kva endringar som er ønskjeleg.  Klagefrista er 4 veker etter at vedtaket er motteke.  Tilsette ved omsorgskontoret kan hjelpe til med å setje opp slik klage. Saka vert vurdert på nytt og du får tilbakemelding om utfallet.  Dersom vedtaket vert oppretthalde, skal saka sendast Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Publisert av Olaug Søreide. Sist endra 17.02.2017 14:00 av Søreide, Olaug
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Connie Aven

Connie Aven

Psykiatrisk sjukepleiar
Telefon : 93 06 64 23
E-post : Send e-post

 

Solveig Nordeide

Solveig Nordeide

Psykriatrisk sjukepleier
Telefon : 41 62 13 03
E-post : Send e-post

 

Olaug  Søreide

Olaug Søreide

Seksjonleiar
Telefon : 57 73 46 00
E-post : Send e-post

 

Teneste (1)
Lover og forskrifter (1)
 
 
Login for redigering