Volontørane Rimma og Eren

1.september ynskte vi Rimma og Eren velkommen til Askvoll kommune. Dei er to ungdommar som skal jobbe frivillig i eitt år her i kommunen  

Voluntørane Rimma og Eren - Klikk for stort bilete

Volontørtenesta

European Voluntary Service (EVS) eller Europeisk Volontørteneste gjer det mogleg for ungdom mellom 17-30 år å jobbe frivillig i 2-12 månader i eit anna land i Europa eller EUs naboland. Askvoll kommune har i 2016 blitt godkjent av Erasmus+/Aktiv Ungdom som mottakar og sender av volontørar. For 2016 har vi fått økonomisk støtte frå ordninga for å bli vert til to volontørar.

Meir informasjon om ordninga finn du her >

Rimma og Eren

Rimma Loboda er 23 år og kjem frå Samara i Russland. Ho har bachelorgrad i russisk språk og litteratur frå Samara State University. Ho har jobba som frivillig under OL i Sochi i 2014. Rimma er glad i å lage mat. Ho liker musikk, og har spelt piano og syntesizer i kammerorkester og syng i kor. Ei av hennar store hobbyar er "Postcrossing" som er ein nettstad som er laga slik at folk kan motta og sende postkort frå heile verda. Ho har allereie fått om lag 200 postkort, og syns det er ein fin måte å bli kjent med nye folk og kulturar.

Eren Kiliclar er 23 år og kjem frå Tyrkia. Han har studert Translations and Interpreting studies ved Dokuz Eylul University i Izmir (bachelorgrad). Han er flink i språk og snakker engelsk, russisk, tysk og tyrkisk. Eren liker å lage mat, og er glad i å drive med idrett (spesielt fotball).

Rimma og Eren er begge interesserte i språk og kultur, og er veldig motiverte til å lære norsk og å bli kjent med mange i kommunen vår. I Askvoll jobber dei mellom anna i Røverompa barnehage, i biblioteket, og hjelper til med sosiale og kulturelle tiltak for bebuarane på Askvollheimen. I tillegg er dei på med på å lage til klubbkveldar ved junior- og ungdomsklubben i Askvoll.

Er det eit lag eller ein organisasjon i kommunen som kan ha nytte av ein volontør til ulike oppgåva? Vil du vite meir om ordninga?
 

Koordinering av volontørprosjektet i Askvoll kommune er tillagt dagleg leiar ved Nærmiljøsentralen. Ta gjerne kontakt med Astrid Halstensen på tlf. 908 48 627 eller på e-post astrid.halstensen@askvoll.kommune.no.   

Publisert av Jeroen van Gangelen. Ansvarleg Astrid Halstensen, dagleg leiar ved Nærmiljøsentralen. Sist endra 20.02.2017 10:27 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering