Tryggleiksalarm

tryggleiksalarm - Klikk for stort bilete Tryggleiksalarm skal sikre tryggleik slik at du kan bu lengst mogeleg heime. Alarmen er ein enkel måte å få kontakt med omsorgstenestene døgnet rundt, og få nødvendig hjelp dersom det oppstår ein akutt situasjon.

Dersom du meiner at du ut frå helsesituasjon, butilhøve og sosialt nettverk har nytte av å få tildelt tryggleiksalarm kan du søkje om dette.

 

 

 

Korleis søkje

Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.
 

Gå til søknadsskjema >



Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt og levere den med søknaden (PDF, 28 kB)

Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande og du vil komme i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.
 

Søknaden skal du sende til:

Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
6980 Askvoll

 

Nødvendig informasjon

  • Alarmen vert knytt opp til analog telefonlinje som brukar sjølv må koste

  • Alarmen er knytt til alarmsentralen i Florø heile døgnet

  • Brukaren må betale månadsabonnement for leige av tryggleiksalarmen

  • Tryggleiksalarm er ei betalingsteneste med eigenandel som er fastsett av Kommunestyret i Askvoll

  • Dersom det er behov for ekstra knapp til alarmen, kan husstanden få dette utan ekstra kostnad

  • Vedlikehald og reparasjonar som fylgje av vanlig bruk vert dekka gjennom abonnementet

  • Brukar må sjølv betale for skade på utstyr som skuldast aktløyse

Kostnad

Pr 01.01.2017 betaler du kr 213,- pr. månad i leige for tryggleiksalarmen. Ved bruk av mobilløysing betalar du kr. 237,- pr. månad. Sjå vedlegg for betalingssatsar.

Klage.

Vedtak på tryggleiksalarm kan klagast til Askvoll Formannskap. Ei eventuell klage skal sendast til omsorgskontoret, der kommunalsjef helse og omsorg er sakshandsamar. Klaga kan fremjast munnleg eller skriftleg, der det vert grunngjeve kva endringar som er ønskjeleg. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke. Tilsette ved omsorgskontoret kan hjelpe til med å setje opp slik klage. Saka vert vurdert på nytt og du får tilbakemelding om utfallet. Dersom klaga vert oppretthalden, skal saka sendast til Askvoll Formannskap for endeleg avgjerd.

Publisert av Vegard Vatne. Ansvarleg Stein Helle. Sist endra 22.02.2017 13:36 av Follevåg, Magni Håland
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Askvollheimen - Omsorgskontoret

Administrasjon
Telefon : 57 73 45 00
E-post : Send e-post

 

 
 
Login for redigering