Matombringing

Middagslevering er tilbod om middag levert i heimen. Tilbodet er til deg som ikkje kan lage eller varme deg ferdiglaga middag sjølv.

Korleis søkje

Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad. Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og levere den med søknaden.

 

Gå til søknadsskjema >

 

Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande og du vil komme i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.
 

Søknaden skal du sende til:

Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
6980 Askvoll

 

Kva får du?

Middagen vert laga av kjøkkenet på Askvollheimen og levert ut av heimetenesta dagleg. Måltidet inneheld god og næringsrik kost fordelt over hovudmåltid, samt dessert eller suppe.

 

Betaling.

Betalingssatsar matombringing år 2018
Stor porsjon kr 93,- pr stk
Liten porsjon kr 63,- pr stk

Prisane kan regulerast av kommunestyret pr. 01.01 kvart år. Matlevering er ikkje ei lovpålagd teneste, men ei teneste kommunen velger å tilby kommunens innbyggarar

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Askvollheimen - Omsorgskontoret

Administrasjon
Telefon : 57 73 45 00
E-post : Send e-post