Brukarstyrt Personleg Assistent (BPA)

 BBbbfæjlsdjæfBeBrukarstyrt Personleg Assistanse omfattar praktisk og personleg hjelp i dagleglivet for menneske med ei funksjonshemning
 

Innafor dei timerammene som kommunen sitt vedtak gjev, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar(ar), kva assistenten(ane) skal gjere, og kvar og til kva for tider hjelpa skal gjevast.

Målet er at du skal ha eit mest mogeleg aktivt og sjølvstyrt liv, trass i di funksjonshemming.

Omsorgskontoret er i dialog med søkjar om korleis tilbodet skal organiserast, og kven som skal ivareta arbeidsgjevarfunksjonen. Dette kan vere kommunen sjølv eller eksterne leverandørar av tenesta BPA.

Søkje tjeneste

Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Du må sende ein skriftleg søknad.
 

Gå til søknadsskjema >


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt og levere den med søknaden (PDF, 28 kB)

Omsorgsetaten handsamar søknaden fortløpande og det vert i samband med dette gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin livssituasjon. Du vil komme i kontakt med Omsorgsetaten innan tre veker.

For nye brukarar av BPA bør det søkjast minst 3 månadar før tiltaket er forventa sett i gong. Tidsramma er sett med bakgrunn i kor lang tid ein reknar med at det tek å få eit BPA-tiltak i gong.

Søknaden skal du sende til:

Askvoll kommune
v/ Omsorgskontoret
6980 Askvoll

 

Målgruppe

  • Menneske med ei funksjonshemming som har eit samansett og omfattande behov for tenester. Søkjar er sjølv i stand til å rettleie assistenten (ta arbeidsleiarrolla).
  • Personar som ikkje kan ta vare på arbeidsleiarrolla sjølv, som personar med psykisk utviklingshemming.
  • Familiar med barn som har ei funksjonshemming.
  • Det er i hovudsak dei som har eit stort og langvarig behov for personleg assistanse som har rett til å få tenesta BPA.
Publisert av Vegard Vatne. Ansvarleg Stein Helle. Sist endra 04.05.2016 13:54 av Follevåg, Magni Håland
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Nancy Bauge

Nancy Bauge

Leiar for Bu- og Miljøtenester
Telefon : 57 73 45 10
E-post : Send e-post

 

Vegard  Vatne

Vegard Vatne

Sosialkonsulent
Telefon : 57 73 45 06
E-post : Send e-post

 

 
 
Login for redigering