Avlastning for barn og unge

avlastning - Klikk for stort bilete Avlastning er eit tilbod til foreldre med tyngande omsorgsoppgåver ovanfor barn og ungdom med nedsett funksjonsevne

Korleis søkje

Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Du må sende ein skriftleg søknad.

Gå til søknadskjema >

Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt og levere den med søknaden (PDF, 28 kB)

Får du ikkje opna skjema? Last ned programvare for lesing av PDF-filer på Adobe sine nettsider.

Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande og det blir i samband med dette gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin livssituasjon. Du vil komme i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.

 

Søknaden skal du sende til:

Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
6980 Askvoll

 

Avlastning


Avlastninga skal gjere det mogeleg for deg som omsorgsytar å oppretthalde gode familierelasjonar, ivareta sosiale nettverk og gje høve til regelmessig fritid og ferie. Målsettinga er å verke førebyggjande slik at du skal kunne gje tilfredsstillande hjelp til den omsorgstrengande over tid.For nye brukarar av avlastning bør det søkjast minst 3 månadar før tiltaket er forventa sett i gong. Fristen er sett med bakgrunn i kor lang tid ein reknar med at det tek å få eit avlastningstiltak i gong.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Askvollheimen - Omsorgskontoret

Administrasjon
Telefon : 57 73 45 00
E-post : Send e-post

 

Anne Irene Fedøy

Sosialkonsulent
Telefon : 57 73 45 13
E-post : Send e-post