Støtte- og treningskontakt

 bruer...”- Tarjei Vesaas - - Klikk for stort bilete Støtte- og treningskontakten er ein som gjev andre assistanse, støtte og oppfølging på fritida. Dette skjer etter avtale med kommunen

Støttekontakten får løn for å utføre oppdrag i forhold til ein enkelt person eller ei gruppe, nokon gonger i samarbeid med ein frivillig organisasjon.

Alle støttekontaktar har ein ting til felles: dei er brubyggarar som skapar kontakt mellom den som treng assistanse og andre menneskjer og miljø.

"Kvart menneske er ei øy, som kjent. Så må det bruer til. Uendeleg mange slags bruer...”
- Tarjei Vesaas

Søkje om teneste

Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen og du må sende ein skriftleg søknad.

Gå til søknadskjema > (PDF, 30 kB)

Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt og levere den med søknaden (PDF, 28 kB)

Får du ikkje opna skjema? Last ned programvare for lesing av PDF-filer på Adobe sine nettsider.

Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande og det blir i samband med dette gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin livssituasjon. Du vil komme i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.

Søknaden skal du sende til:


Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
6980 Askvoll

Målgruppe

Personar eller familiar som på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale vanskar treng hjelp til å få ei aktiv fritid, kan søkje kommunen om tenesta.

Formålet med ordninga er at den skal medverke til å bryte isolasjon, utvide sosialt nettverk og utvikle sosiale ferdigheiter. Alle bør ha ei meiningsfull fritid!

Publisert av Vegard Vatne. Ansvarleg Stein Helle. Sist endra 27.04.2016 14:05 av Follevåg, Magni Håland
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Askvollheimen - Omsorgskontoret

Administrasjon
Telefon : 57 73 45 00
E-post : Send e-post

 

Vegard  Vatne

Vegard Vatne

Sosialkonsulent
Telefon : 57 73 45 06
E-post : Send e-post

 

Teneste (1)
 
 
Login for redigering