Dispensasjon frå plan

Det vil vere avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva føremål ein eigendom kan nyttast til. Dersom du ønskjer å dele frå, byggje eller bruke eigedomen til noko anna enn det arealplanane legg opp til, må du difor søkje om dispensasjon eller eventuelt reguleringsendring

 

Arealplan - Kva seier den om min eigendom?

Det føreligg ein arealplan for alle eiendomane i kommunen. Dette kan vere både overordna kommuneplan og lokal reguleringsplan. Planane viser korleis eigedomen din kan brukast, og er juridisk bindande.

Ta kontakt med kommunen for opplysningar om gjeldande planar for din eigendom.

Dispensasjon er unntaket

Alle arealplanar har vore igjennom ein lang politisk prosess med overordna planlegging av området, med høve til medvirkning frå naboar og offentlege og private organisasjonar som har interesser i planen. Ein plan skal vere føreseieleg, slik at innbyggarane skal vite kva som gjeld i sitt område. Dispensasjon skal difor berre unntaksvis brukast.

Kommunen kan gje dispensasjon dersom:

  • føremålet med arealplanen ikkje vert vesentleg sett til sides og
  • fordelane ved å gje dispensasjon er klart større enn ulempene

Korleis søkje om dispensasjon?

Det er ikkje skjema for søknad om dispensasjon frå plan. Søknaden skal skrivast som eit vanleg brev. Frå brevet skal det gå fram kva det vert søkt dispensasjon frå, og det skal vere grunngjeven. Dispensasjonssøknad skal nabovarslast. Kontakt kommunen for naboliste. Søknaden skal vedleggast kartutsnitt som viser det aktuelle området, saman med kvitteringsliste for nabovarsling og opplysningar gitt i nabovarsel. Dispensasjonssøknad kan søkjast samstundes som søknad om byggjeløyve/delingsløyve.  

Søknad om dispensasjon frå plan skal politisk behandlast av formannskapet, sjå møtekalendar

Sakshandsamingstid:

Kommunen sin frist for handsaming av dispensasjonssøknader er 12 veker.

Fristen går ikkje mens saka eventuelt er til uttale hjå statlege og regionale styresmakter. Uttalefristen er på maks fire veker. Kommunen har også høve til å forlenge fristen.

Pris

Ved søknad om dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen/kommunedelplan eller frå reguleringsplan, jfr. pbl §19-2, og/eller frå 100m-beltet langs sjø og vassdrag, jfr. pbl §1-8, skal det betalast eit gebyr tilsvarande kr. 7 000.-.

 

 

 

Publisert av Jeroen van Gangelen. Ansvarleg Kjersti Sande Tveit, Plan- og miljøvernleiar. Sist endra 18.11.2015 09:02 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Kjersti Sande Tveit

Plan- og miljøvernleiar
Telefon : 57 73 07 08
E-post : Send e-post

 

Teneste (1)
Artikkel (1)
Lover og forskrifter (1)
 
 
Login for redigering