Seksjonering

Ein eigarseksjon er ein sameigedel i ein bebygd eigedom der, det er knytt einerett til bruk av ein eller fleire bustader eller brukseiningar i eigedomen.  

Kommunen kan etter krav om oppdeling i eigarseksjonar gje løyve til å opprette eigarseksjonar etter eierseksjonsloven. Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsettast og pantsettast uavhengig av resten av eigedomen eller brukseininga. Eigarseksjonar eignar seg blant anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte to- og firemannsbustader.

For få etablert ein ny seksjon eller endre ein eksisterande seksjon, må brukseininga(ne) vere godkjent etter reglane i plan- og bygningslova for dei føremåla dei skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, betyr dette at pålagde bygningsmessige tiltak må vere gjennomført før seksjonering eller reseksjonering kan skje. For planlagde bygningar eller bygningar under oppføring, må det ligge føre gyldig rammeløyve eller igangsettingsløyve.

Vidare vilkår som må vere oppfylt:

  • Inndelinga må gje ei formålsteneleg avgrensing av kvar brukseining
  • Hovuddelen av brukseininga må vere klart avgrensa med permanente skilje
  • Hovuddelen skal vere samanhengande og ha eigen inngang
  • Hovuddel av bustadseksjonen skal innehalde kjøkken, bad, wc
  • Kvar seksjon skal ha tilgang til sikringsskap og stoppekran?

Skjema for krav om oppdeling i eigarseksjonar får du ved å ta kontakt med kommunen.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Liss Lien

Bygg- og eigedomssjef
Telefon : 57 73 07 33
E-post : Send e-post