Ferdigattest

 

Alle søknadspliktige tiltak skal avsluttast med ferdigattest før du kan ta i bruk det du har bygd. Ferdigattesten viser at saka er ferdigbehandla av kommunen. Attesten blir gitt på bakgrunn av innsendt dokumentasjon om at arbeidet er ferdigstilt. Dersom det er sendt inn ein søknad via ein ansvarleg søkjar er det ansvarleg søkjar som skal søkje om ferdigattest.

Så lenge det kun gjenstår mindre arbeid og det ikkje er farleg å ta i bruk bygningen, kan du også søkje om midlertidig bruksløyve. I løyve skal det gå fram kva arbeid som gjenstår og du får ein frist for å ferdigstille. Eit midlertidig bruksløyve gjer at bygningen kan takast i bruk før du har mottatt ferdigattest.

 

Sist endra 07.02.2015 14:24

Kontakt

Liss Lien

Bygg- og eigedomssjef
Telefon : 57 73 07 33
E-post : Send e-post