Utskriving av eigedomsskatt for 2015 i Askvoll kommune

Utskt over Askvoll, sett frå Melen på Loftheim. - Klikk for stort bilete

Askvoll kommunestyre vedtok den 17.12.2014 i sak KOM-088/14 å innføre eigedomsskatt i Askvoll kommune gjeldande frå 01.01.2015

I medhald av eigedomsskattelova §3 pkt. a, vert det skrive ut eigedomsskatt på

«alle faste eigedomar i heile kommunen»

Skatten for år 2015 er utskrive med 2,0 promille. jfr. vedtak KOM – 088/14 .
 

Det er nytta 2 takseringsmetodar i arbeidet med innføring av eigedomsskatt. 

  1. Bruk av formuesgrunnlag for alle bustadeigedomar:

Kommunestyret vedtok at ein skal nytte Skatteetaten sine formuesgrunnlag (bustadverdiar) der desse ligg føre. Skatteetaten nyttar likningsverdiar for år 2013 som grunnlag for utrekningar i år 2015.

Trykk her for å lese meir om formuesgrunnlag. (PDF, 151 kB)

Nemnda kan ikkje påverke, og har heller ikkje vurdert eigedomane / takstnivået for denne eigedomstypen. Skatteytar må sjølv kontrollere likningsverdien på eigen bustad.

Finn du openberre feil eller manglar i skattegrunnlaget, melder du dette inn til Skatteetaten: Skatt Vest, Pb 8103, 4068 Stavanger. Tlf: 800 80000.

Det er likning og likningsverdi for 2013 som må endrast dersom ein skal få endring i formuesgrunnlag / eigedomsskatt i 2015.

  1. Ordinær taksering (nytta for fritidsbustader, våningshus, garasjar,næring m.m.):

I dei høve ein ikkje mottek formuesgrunnlag frå Skatteetaten er det fastsett ein kommunal takst.

Sjå Takseringsprinsipp, rammer og retningslinjer ved innføring av eigedomsskatt for alle eigedomar i Askvoll kommune (PDF, 268 kB) for meir informasjon om korleis eigedomsskatten er utrekna.

Eigedomsskatt er ein objektskatt. Private avtalar om vegrettar, forkjøpsrettar, samt opplysningar om kompliserte eigedomstilhøve, etc. vert difor ikkje teke omsyn til.    
 

Takstnivået ved ordinær taksering, vert styrt av takseringsreglementet.
Ein vil av desse reglane sjå at ulike bygningsgrupper og bygningstypar har fått ulike verdi, og at det er utarbeidd faktorar for både etasjetypar, standard og andre indre / ytre tilhøve etc., som alle kan påverke eigedomen sin verdi.
Taksten vert ståande fast i 10 år, men vil verte justert om ein oppdagar feil i grunnlagsdata.
 

Om klagefrist

Klagefristen er 6 veker (rekna frå 12.06.2015) - dvs. klagefristen går ut 24.07.2015.

Skattelistene er lagt ut til offentleg ettersyn frå og med den 12.06.2015. Listene vert å finne i resepsjonen ved rådhuset i Askvoll kommune og på www.askvoll.kommune.no. Listene vil vere tilgjengeleg i 3 veker.

Dersom du ynskjer å klage på eigedomsskatten (gjeld ikkje formuesgrunnlag) må det fremjast ei skriftleg klage direkte til Askvoll kommune.
Bruk gjerne e-postadressa:  eskatt@askvoll.kommune.no

For dei som har fått utskrive eigedomsskatt etter formuesgrunnlagmetoden, vert det vist til Skatteetaten sine eigne informasjonssider om både klagerett og framgangsmåten for å sende inn klage:www.skatteetaten.no


Klagefrist for formuesgrunnlag vil vere 6 veker frå offentleggjering av skattelistene.

Sjå eigedomsskattevedtekter på www.askvoll.kommune.no for meir informasjon om klageprosessen.

Klage har ikkje utsetjande verknad. Faktura må betalast ved forfall. Dersom ein får endra / redusert eigedomsskatt vil ein få ny faktura/ kreditnota.
 

Om betaling
 

Det er berre utskrivne skattegrunnlag på kr. 50.000 eller meir, det vil seie utrekna skatt på kr. 100,- eller meir, som skal betalast.

Faktura for betaling av eigedomsskatt vert sendt ut i 2 terminar. Første termin forfell til betaling 2. juli.  Andre termin forfell 20. september saman med kommunale avgifter.
 

Det er den matrikkelførte eigarrepresentanten som får tilsendt faktura, dersom anna ikkje er avtalt.
 

 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I .

Publisert av Inger Johanne Helle Breidvik. Ansvarleg Helene Norstrand. Sist endra 02.03.2016 av Jeroen van Gangelen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering