Informasjon om eigedomsskatt

Dette innformasjonsskrivet er sendt alle grunneigarar i Askvoll kommune 

Denne informasjon gjeld deg som står registrert som heimelshavar på fast eigedom i Askvoll kommune.

Bakgrunn:

Kommunestyret har vedteke å innføre eigedomskatt på alle faste eigedomar i heile kommunen frå 2015. Eigedomskatten vil bidra til å oppretthalde tenestenivået i kommunen.

Det er kommunestyret som skriv ut eigedomsskatt. Eigedomsskatt er den einaste skatten som kommunen har full råderett over og som i sin heilheit går til kommunen. Kommunestyret i Askvoll har òg vedteke å nytte skatteetatens formuesgrunnlag som grunnlag for å skrive ut skatt for vanlege bustadeigedomar. Desse eigedomane skal ikkje synfarast. Kommunen skal sjølv taksere eigedomar utan formuesgrunnlag, m.a. våningshus/kårhus, fritidsbustad og næringseigedom.

Fritak:

Kommunen kan etter lova frita eigedomar for eigedomsskatt og innføre botnfrådrag for bustader og fritidsbustader. Kommunestyret i Askvoll har vedteke å innføre fritak for nye bustader i 10 år. Det vil sei at bustader som er ferdigstilt / har fått mellombels bruksløyve f.o.m. 1.1.2015 får automatisk fritak. Det er òg vedteke at ein kan søke om fritak for eigedomsskatt dersom ein rehabiliterer bustad for minimum NOK 750.000,- i løpet av tre år med ferdigstilling av bustad tidlegast 1.1.2015.
Kommunestyret har friteke eigedomar som kjem innunder §7a og b i eigedomsskattelova, t.d. grendahus og bygningar med historisk verdi.

Kommunestyret fastset kvart år i høve budsjetthandsaminga kva eigedomar skatten skal skrivast ut på og kva satsar som gjeld. Skattesatsen må vere mellom 2 og 7 promille. Fyrste året ein skriv ut kan ein berre skrive ut på 2 promille, deretter kan satsen aukast gradvis.

Taksering:

Eigedomen sin verditakst dannar grunnlaget for skatteberekninga.
Eigedomsskattelova §8:

«Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal»

Eigedomsskattetaksten vert basert på faktaopplysningar om eigedommen. Faktaopplysningar om eigar, adresse, areal på tomter blir henta frå offentlige register (Matrikkelen).

Bustadeigedomar og heilårsbustader nytta som fritidsbustad:

Eigedomar med formuesgrunnlag frå Skatteetaten vert ikkje synfara av kommunen. Dette gjeld i all hovudsak leilegheiter og bustadhus som ikkje er knytt til landbruk. Ein kan finne formuesgrunnlaget ved å multiplisere likningsverdien frå sjølvmeldinga med fire (døme: likningsverdi = 250.000, formuesgrunnlag= 250.000 * 4 = 1.000.000).

Dersom du er ueinig i likningsverdien for bustaden din må du ta kontakt med Skatteetaten. (Tlfnr. 800 80000)

Bustadhus utan formuesgrunnlag vert synfara og taksert av kommunen.

Våningshus/kårhus:

Eigedom som vert driven som gardsbruk eller skogbruk har etter eigedomskattelova obligatorisk fritak for eigedomsskatt. Dette gjeld likevel ikkje våningshus, fritidsbustad og anna næringsbygg på landbrukseigedommar. Desse bygningane vil bli synfara av kommunens synfaringsmenn.

Fritidsbustader:

Dette er skattepliktige eigedomar som vil bli taksert og skattelagt. Desse bygningane vil bli synfara av kommunens synfaringsmenn.

Næring:

Næringseigedomar er skattepliktige eigedomar som vil bli taksert av innleigd takseringsbyrå.

Synfaring:

Alle eigedomar i Askvoll kommune, med unntak av eigedomar med formuesgrunnlag, skal synfarast.

Som ein del av grunnlagsarbeidet vil det for kvar enkelt skattepliktig eigedom bli føreteke ei utvendig synfaring. Synfaringa vil bestå av utvendig oppmåling samt at det vil bli tatt bilete av bygningen. Medarbeidarane som skal ut på synfaring vil kunne førevise identifikasjon og vere ikledd refleksvest med Askvoll Kommune sin logo som syner at dei er kommunens representantar. Areal som blir målt opp er bygningens bruksareal (BRA) som grovt sett er arealet innanfor ytterveggane på bygningen. Arealet blir målt for kvar etasje i bygningen. Etasjane blir gruppert i kjellaretasje, underetasje, hovudetasje og loftsetasje. Sjå matrikkellova for meir info om dette.

Synfaringsmedarbeidarane er ikkje avhengig av at eigar er tilstade under synfaringa. Dersom du likevel ynskjer å være tilstade under synfaringa eller ynskjer å kome med innspel, må du gje oss beskjed om dette innan 28. september.

Sakkyndig nemnd og klagenemnd:

Sakkyndig nemnd og klagenemnd blei valde av Kommunestyret 21.5.2014, sak 035/14. Det er sakkyndig nemnd som fastset takstgrunnlaget for den enkelte eigedom. Eventuell klage på takst skal handsamast av sakkyndig nemnd/klagenemnd.

Informasjon frå synfaring av eigedommane vil saman med kommunens eigne retningslinjer for taksering danne grunnlag for utskriving av eigedomsskatt.

Retningslinjer for taksering:

Kommunens eigne retningslinjer vert vedteke av sakkyndig nemnd og lagt ut på kommunen si internettside samtidig som skattelistene vert offentleggjort.
 

Informasjon før skattevedtak:

Etter synfaring og før skattevedtak vert fatta vil du få tilsendt faktagrunnlag for din eigedom som inkluderer oppmålt bruksareal (BRA) og du kan etter dette komme med innspel til korrigeringar. Dette gjeld ikkje bustader med formuesgrunnlag.

Offentlig ettersyn:

Takst og utrekna eigedomsskatt vil bli lagt ut til offentleg ettersyn. Du vil få tilsendt informasjon om taksten på eigedomen din og eigedomsskatten du skal betale, i tillegg til informasjon om takseringsgrunnlaget. Da vil du samtidig få ei orientering om dine rettigheiter til å klage på takst/skatt.

Kontaktinformasjon:

Spørsmål og kommentarar i høve innføring av eigedomsskatt, kan sendast i e-post til eskatt@askvoll.kommune.no, eller i brev til:

Askvoll kommune
v/ Eigedomsskattekontoret,
Pb 174
6988 Askvoll

Du kan òg nå oss på telefon 577 30 713 / 577 30 700.

Meir informasjon vil etter kvart bli lagt ut på kommunes heimeside.
 

For informasjon eller klage på likningsverdi – ta kontakt med skatteetaten:

Tlfnr: 800 80000 - www.skatteetaten.no

 

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering