Fritak Eigedomsskatt §7

Eigedomsskattelova:

§ 7.Kommunestyret kan fritaka desse eigedomane heilt eller delvis for eigedomsskatt:
a)  Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller staten.
b)  Bygning som har historisk verde.
c)  Bygning som heilt eller i nokon mon vert nytta til husvære.  Fritaket kan gjelde i opptil 20 år frå den tida bygningen vart ferdig.  Formannskapet eller det utvalet som er nemnt i kommunelova §10, kan få fullmakt til å avgjere einskildsaker om skattefritak.
d)  Bygning og grunn i visse luter av kommunen.

   

Kommunestyret i Askvoll har vedteke å frita nokre bygningar etter §7a), b) og c).

Under vil du finne meir om dei særskilte fritaka.

Søknadsfrist for alle fritak

Søknad om fritak etter §7 i eigedomsskattelova motteke i utskrivingsåret vil kunne få fritak for heile skatteåret.
Kommunestyret er det organ som har mynde til å gje fritak etter §7 a og b. Kommunestyret har gjeve fullmakt til Formannskapet å gje fritak etter §7 c. Eigedomsskattekontoret sakshandsamar søknadane om fritak.

Søknad om fritak vil ikkje få utsetjande verknad, det vil sei at ein må betale eigedomsskatten ved forfallsdato. Viss ein får fritak for eigedomsskatt vil ein få tilbakebetalt gjeldande sum. Berekna sakshandsamingstid er 4 månader.
Vi ber om at søknadsskjema vert nytta, sjå link under kvart fritak.

 



7a) Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna
ein kommune, eit fylke eller staten.

 Kommunestyret har vedteke fritak til fylgjande eigedomar / bygningar.

 

Gnr/ Bnr / fnr

Namn

12/22/0

Stongfjorden Arbeidsstove

204/25/0

Holmedal Idrettslag ( kun tomt)

204/26/0

Holmedal Idrettslag ( kun tomt)

204/61/0

Holmedal Idrettslag ( kun tomt)

204/66/0

Holmedal Idrettslag

205/110/0

Holmedal Båtlag

205/111/0

Holmedal Båtlag

205/112/0

Holmedal Båtlag

205/113/0

Holmedal Båtlag

205/114/0

Holmedal Båtlag

205/67/0

Holmedal Bygdehus

219/5/0

Rivedal Bygdelag

22/1/1

Askvoll Samfunnshus

23/51/0

Askvoll Småbåtlag

23/76/0

Askvoll og Holmedal Idrettslag

30/24/0

Olset Bedehus

30/30/0

Olset Småbåtlag

30/55/0

Askvoll Småbåtlag

40/7/0

Kumle Bedehus

47/4/0

Høyvik Grendalag

42/38/0

Sauesund Båtlag

51/21/0

Atløy Kulturhus

51/28/0

Atløy Idrettslag

51/33/0

Atløy Idrettslag

51/9/0

Leirvåg Bedehus

56/22/0

Herland Grendalag

60/163/0

Værlandet Vel

60/213/0

Værlandet Vel

60/214/0

Værlandet Vel

60/43/0

Værlandet Bedehus

60/65/0

Vidar Ungdomslag

60/69/0

Værlandet Idrettslag

64/5/0

Bulandet Ungdomslag

67/12/0

Bulandet Idrettslag (kun tomt)

70/8/0

Fiskarheimen Bulandet

96/16/0

Flokenes Grendahus

 

 

Lista pr. desember 2014 er truleg ikkje fullstendig. Eventuelle andre aktuelle eigedomar som kan komme inn under §7 a) vil bli vurdert etter søknad.

Søknadsskjema (PDF, 50 kB)

 

7b) Historiske bygg

Formelt freda bygg får fritak etter fylgjande liste jfr. Eigedomsskattelova §7 b)

 

Namn

Bygning

Gnr og Bnr

Bygningsnr

Vilnes Kyrkje

Kyrkje

54/9

177596434

Holmedal Kyrkje

Kyrkje

205/6

177617482

Bustadhus Ringstad

Einebustad

26/3

177631353

Geita Fyr

Fyrstasjon losstasjon

60/10

177633968

Geita Fyr

Einebustad

60/10

177633941

Geita Fyr

Hus for dyr / landbr.lager/silo

60/10

177633925

Geita Fyr

Annen lagerbygning

60/10

177633933

Geita Fyr

Driftsb. Fiske/fangst/oppdr

60/10

177629839

 

 

Andre bygg av særskilt historisk verdi kan få fritak etter søknad, gjerne etter uttale frå Sakkunnig Nemnd på kvar søknad.

Søknadsskjema (PDF, 48 kB)

 

Fritak etter § 7c)

 

Bygning som heilt eller i nokon mon vert nytta til husvære.
Fritaket kan gjelda i opptil 20 år frå den tida bygningen vart ferdig.
Formannskapet eller det utvalet som er nemnt i kommuneloven § 10,
kan få fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak.

 

KOM-048/14 VEDTAK:

§ 6-5 Nybygde husvære vert fritekne frå eigedomsskatt i 10 år, eller til kommunestyret endrar eller
opphevar fritaket. Fritaket gjeld ikkje fritidsbustader. Det vil òg kunne søkjast fritak for
husvære som er rehabilitert med minimum kr.750.000,- i løpet av ein treårs-periode. Dette
gjeld husvære som kjem til etter at kommunen har fatta vedtak om fritak. Fritaket gjeld ikkje
fritidsbustader.

 

KOM-059/14 VEDTAK: (spesifisering)

Kommunestyret vedtek følgjande tillegg til paragraf 6-5 i eigedomsskattevedtektene:
Fritak i paragraf 6-5 gjeld nybygde og rehabiliterte husvære med ferdigstilling (som har fått
førebels bruksløyve) etter 01.01. 2015

 

Kommunestyret gjev Formannskapet fullmakt til å avgjere einskildsaker om skattefritak etter §7c) i eigedomsskattelova.

Fylgjande kriteria for handsaming av søknad om fritak blir vedtekne:

Søknadskriteria for fritak for eigedomsskatt ved rehabilitering utover NOK 750.000,-

  • Kopi av faktura som viser faktiske kostnader over 750.000,-. Eigeninnsats kan ikkje takast med.
  • Kopi av betalingsbekrefting av faktura.
  • Nyaste faktura må vere utstedt etter 01.01.2015 og faktura utstedt i 2015 må utgjere meir enn 10% av søknadskriteriet på NOK 750.000 altså NOK 75.000,-
  • Eldste faktura må vere utstedt maks 3 år frå nyaste faktura.

Søknadsskjema (PDF, 52 kB)

Publisert av Inger Johanne Helle Breidvik. Ansvarleg Helene Norstrand. Sist endra 23.04.2015 av Inger Johanne Helle Breidvik
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering