Brann og feiing

Brannvern

Brannvernet i Askvoll har:

  • Førebyggjande del som med feiing og tilsyn.

  • Beredskapsdel med eiga vaktordning.

I Askvoll er det brannstasjon i sentrum og branndepot i Værlandet, Atløy og Kvammen. Samla styrke skal vere ca. 38 personar. 

Bålbrenning

Innanfor tidsrommet 15.april til 15.september er det forbode å gjere opp eld nær skog og mark utan løyve. Melding om planlagt bålbrenning kan sendast gjennom elektronisk skjema.

> Gå til skjema "melding om kontrollert brenning"

Feiing og tilsyn 

Feiar utfører både feiing av skorsteinar og tilsyn med fyringsanlegg for oppvarming av rom og bygningar. Skorsteinen vil verte feia/kontrollert etter behov, minimum annankvart år. 

Det brannførebyggjande arbeidet vert prioritert høgt. Tilsyn med bustadar er ei lovpålagt oppgåve for det lokale brannvernet. Dette arbeidet er svært viktig, fordi dei fleste brannane oppstår i heimane. På sidene til Norsk brannvernforening og på Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap sin portal www.sikkerhverdag.no finn du gode råd til brannvern i heimen.

Kor ofte det skal feiast vert fastsett etter behov, men minimum kvart fjerde år. Tilsyn og kontroll av piper og eldstader skal gjerast kvart fjerde år. Tenesta gjeld heilårsbustader. Fritidsbustader er unnateke lovpålagt feiing, men brann- og feiarvesenet kan feie slike stader etter avtale.

Varsel om feiing og tilsyn

Du vil få melding om feiing og tilsyn eit par dagar før.  

 

 

Kontakt

Bernhard Øberg

Brannsjef
Telefon : 576 12 821
Mobil : 959 89 601
E-post : Send e-post

 

Andreas Lid

Feiar
Telefon : 45 87 65 04
E-post : Send e-post

 

Bjørn Atle Berg

Nestkommanderende
Telefon : 90 20 18 60
E-post : Send e-post