Utkast til adresseplan for Askvoll kommune

Askvoll sentrum sommaren 2012. Foto: Steinar Bauge  - Klikk for stort bilete

Med heimel i matrikkelova § 21 og sentral og lokal adresseforskrift vert utkast til adresseplan for Askvoll kommunen lagt ut til høyring.

Den delen av vegnettet som skal ha same vegnamn, vert kalla ein adresseparsell. Ein adresseplan er eit oversiktkart med avmerking av dei einskilde adresseparsellane i kommunen påført ei liste som syner startpunktet til vegparsellane og yttergrensar for "områdeparsellar".

Målet til kommunane er at innan utgangen av neste år skal alle adresseiningane i kommunen ha fått tildelt sitt adressenummer til aktuell adresseparsell i samsvar med gjeldane regelverk for nummerering.

Adresseplanutkastet er lagt ut til høyring på rådhuset i Askvoll med frist til 12. november 2015 for å kome med merknad til planen.

Når høyringsfristen er ute, vert innkomne merknader vurdert og planen lagt fram for formannskapet til godkjenning.


Utkast til namnsetting av parsellane vil verte lagt ut på høyring i ein seinare fase.

Adresseplankart for heile kommunen (PDF, 18 MB)

Kart 2 Adresseplan Holmedal  (PDF, 734 kB)

Kart 3 Adresseplan Høgda (PDF, 486 kB)

Kart 4 Adresseplan Stongfjorden (PDF, 635 kB)

Kart 5 Adresseplan Askvoll sentrum (PDF, 2 MB)

Felles adresseforskrift for kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad (PDF, 451 kB), vedtatt 02.09.15, finn du her 

Liste med adresseparsellar (PDF, 131 kB)

Spørsmål om adresseplanen kan rettast til Bygg- og eigedomsavdelinga:


Liss Merete Lien, tlf. 57 73 07 33 epost: liss.lien@askvoll.kommune.no

Eventuelle merknader sendast til:

Askvoll kommune, Pb 174, 6988 ASKVOLL.
Epost: postmottak@askvoll.kommune.no

Fann du det du leitte etter?