Høyring - namnesak

Skjermbilde stadnamn - Klikk for stort bilete

Kartverket har etter § 5 i Lov om stadnamn oppretta namnesak for 10 stadnamn i Askvoll kommune og ber kommunen legge saka ut på høyring. Høyringsfrist er 13. oktober.

Kartverket har meldt til kommunen at i samband med fastsetting av adressenamna i kommunen, må det fastsettast rett skrivemåte av opphavsnamnet til nokre av dei vedtekne adressenamna i namnesak etter stadnamnlova. Kartverket har i det høvet kravd namnesak for skrivemåten av gardsnamna:

  • Hærland/Herland (gnr 56)

  • Hellersøyna/Hillersøy (gnr 68)

og ein del namn avleidd av gardsnamna.

Les brevet frå Kartverket her (PDF, 469 kB).

Eigarar og festarar har rett til å uttale seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttale seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til. Dei som har bruksnamn som inneheld gardsnamnet vert tilskrivne.

Kommunen hentar inn og samordnar innspel i sakene og sender dette til Stadnamntenesta på Vestlandet. Stadnamntenesta gir tilråding til Kartverket som har vedtaksmynde. For kommunen hastar det å få dei avklaringane Kartverket har bede om. Derfor vert fristen til å sende innspel i saka sett til 13. oktober.

Innspel kan sendast til: Askvoll kommune, pb 174, 6988 ASKVOLL eller på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no     

Publisert av Liss Merete Lien. Sist endra 20.02.2017
Fann du det du leitte etter?