Ferie- og fridagar i skulen

 

Permisjon frå grunnskuleopplæringa

  • Kontaktlærar kan gje ein elev fri inntil 3 skuledagar. Bruk meldingsboka eller skjema som du lastar ned og skriv ut frå frå skulen si heimeside

  • Rektor kan gje ein elev fri inntil 10 skuledagar. Bruk skjema som du finn på heimesidene til skulen. Søknad må sendast inn i god tid før permisjonen.

  • Dersom fri utover 10 skuledagar, må det sendast søknad til oppvekstsjefen. Bruk same skjema som ovanfor.

Framgangsmåte når ein søkjer fri ein elev:

  • Søknader om fri for ein elev må vere skriftleg og grunngjeven, og sendt i god tid før permisjonen..
  • Kontaktlærar gjev, etter fullmakt frå rektor, løyve til fri for eleven inntil 3 skuledagar. Kontaktlærar gjev svar gjennom meldingsboka eller på skjema.
  • Rektor gjev, etter fullmakt frå undervisningsutvalet, løyve til fri for eleven inntil 10 skuledagar. Rektor sender skriftleg svar til foreldra m/kopi til oppvekstkontoret.
  • Søknad om fri utover 10 skuledagar skal sendast oppvekstsjefen. Oppvekstsjefen gjev skriftleg svar med kopi til skulen.

Fri utover 14 dagar vert som regel ikkje gjeve. Jf opplæringslova §§ 2 - 11. Det er det oppvekstsjefen som avgjer. I rundskriv 4/86 påpeikar utdanningsdirektøren at foreldra sitt ansvar for borna si undervisning må understrekast. Lova fastset opplæringsplikt og ikkje skuleplikt. Prinsipielt fell ansvaret for at borna får opplæring/undervisning over på foreldra når dei ber om å få ta borna ut av skulen.

Vi oppmodar om at elevane i minst mogeleg grad blir tekne ut av skulen utanom dei ordinære feriedagane. Dette gjeld for alle klassesteg. Stort fråvær kan føre til mindre læringsutbyte og såleis mindre kompetanse og måloppnåing for elevane. Permisjonar må planleggjast i god tid, og vi minner igjen om at skuleruta inneheld både haust- og vinterferie i tillegg til andre fridagar

Publisert av Laila Svalheim Kristiansen. Ansvarleg Kommunalsjef oppvekst Kristen Holt. Sist endra 09.11.2016 av Jeroen van Gangelen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Kristen Holt

Kommunalsjef oppvekst
Telefon : 57 73 07 21
Mobil : 99 44 60 68
E-post : Send e-post

 

 
 
Login for redigering