Barnehagen i Askvoll kommune

Askvoll kommune ønskjer å tilby alle småbarnsforeldre eit godt og trygt barnehagetilbod

Felles søknadsskjema

Det er samordna opptak for alle dei 6 kommunale barnehagane. Du søkjer elektronisk om barnehageplass. Om du treng hjelp til å søkje/tilgang til datamaskin, ta kontakt med oppvekstkontoret på tlf. 57 73 07 20

Elektronisk utsending av svar

Tilbod om barnehageplass vert sendt via e-post.  Du må logge deg inn for å svare på tilbodet.

Rett til barnehageplass

Alle barn som fyller 1 år seinast 31. august i søknadsåret, og som søkjer innan fristen 1. mars, har lovfesta rett til barnehageplass.

Dei som får plass, må vere busett i kommunen når dei tek til i barnehagen.

Vedlegg til søknad om barnehageplass

Eventuelle vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar må sendast pr. post til Askvoll kommune, Postboks 174, 6988 Askvoll innan søknadsfristen 1. mars.  Merk konvolutten "Vedlegg til barnehagesøknad"

Pris

Foreldrebetaling i barnehagar gjeldande frå 01.01.2017
Betalingssatsar pr. 01.01.2017
BarnehageType plassSats pr. mnd
Røverompa barnehage og Holmedal barnehage (48 v pr år)100%2.730
80%2.457
60%1.911
40%1.365
Bulandet, Gjelsvik, Nipa og Stongfjorden barnehagar (47 v pr år)100%2.673
80%2.406
60%1.871
40%1.337

 

30% søskenmoderasjon for barn nr 2 og 50% moderasjon for barn nr 3 eller fleire.

Dagsasts for kjøp av ekstra dagr (uansett tal timar)  kr. 200,- pr dag

Gebyr ved for seint henta barn kr. 150,- pr påbegynt halvtime etter ordinær stengetid.

I alle barnehagane kjem matpengar og/eller frukt- og mjølkepengar i tillegg.

 

Redusert foreldrebetaling

 

Det kom nye nasjonale moderasjonsordnigar som gjeld foreldrebetaling i barnehage frå 1. mai og 1. august 2015.

  • Hushaldningar med ei samla årsinntekt som er lågare enn 486.750 kroner skal betale maks seks prosent av inntekta for barnehageplass.
  • Gratis kjernetid (20 timar per veke) gjeld for 3-, 4- og 5-åringar frå hushaldningar med samla årsinntekt under 417.000 kroner.

For å få redusert pris på grunn av låg inntekt eller gratis kjernetid må du sende søknad om redusert foreldrebetaling. Du må legge ved kopi av siste sjølvmelding, eller annan dokumentasjon av inntekt.

 

Last ned søknadsskjema om redusert foreldrebetaling

 

Les meir om ordninga med redusert foreldrebetaling

Publisert av Laila Svalheim Kristiansen. Ansvarleg Kommunalsjef oppvekst Kristen Holt. Sist endra 05.01.2017 09:44 av Kristiansen, Laila Svalheim
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Kristen Holt

Kommunalsjef oppvekst
Telefon : 57 73 07 21
Mobil : 99 44 60 68
E-post : Send e-post

 

Lover og forskrifter (1)
 
 
Login for redigering