Tilrettelagt transport - dør til dør kort

Har du ein funksjonshemning som avgrensar dine moglegheiter til å nytte deg av det eksisterande kollektivt tilbodet i kommunen så kan du søkje om Dør til Dør kort. Kortet er eit tilskot for at du skal ha moglegheit til å være aktiv i nærmiljøet og komme deg ut på  fritidsaktivitetar

Korleis søkje

Søkjar må bu eller opphalde seg i kommunen. Du må sende ein skriftleg søknad. I tillegg må legen din fylle ut ei legeerklæring.

 

Gå til søknadskjema >

 

Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande. Du vil komme i kontakt med Omsorgskontoret innan tre veker.

Søknaden skal du sende til:

 

Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
6980 Askvoll

Relevant informasjon

Dør til Dør kort er ikkje ei lovpålagt teneste i kommunen. Kvar søknad blir behandla individuelt og vurdert ut frå følgjande punkter.

  • Rullestolbrukarar, blinde og unge søkjarar med ein funksjonshemning blir prioritert.
  • Avstand i km frå søkjer til kommunesenteret.
  • Grad av funksjonshemning og behov for bistand.
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Askvollheimen - Omsorgskontoret

Administrasjon
Telefon : 57 73 45 00
E-post : Send e-post

 

Anne Irene Fedøy

Sosialkonsulent
Telefon : 57 73 45 13
E-post : Send e-post