Språkopplæring - særskilt for minoritetsspråklege elevar

Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk kan søkje om særskilt norskopplæring til dei har gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skulen.

 

 

Beskriving

Dersom det er nødvendig, kan elevane også ha rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Dette kan gjelde nytilflytta og andre minoritetselevar med svært avgrensa norskkunnskapar. Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skule enn den eleven går på.

 

Kriterium

  • Eleven må ha anna morsmål enn norsk og samisk
  • Eleven har ikkje gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege undervisninga
  • Det må vere eigna undervisningspersonale i kommunen (dette gjeld morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring)

Målgruppe

Elevar frå språklege minoritetar i grunnskule og vidaregåande skule

Handsaming

Kommunen/fylkeskommunen skal kartleggje kva dugleik du har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal òg utførast undervegs i opplæringa, som grunnlag for å vurdere om du har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa.
 

Handsamingstid

Kommunen (for grunnskulen) og fylkeskommunen (for vidaregåande skule) har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klage

Dersom kommunen/fylkeskommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/fylkeskommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule).  Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen (grunnskulen) eller fylkeskommunen (vidaregåande skule) for å få hjelp til å søkje om språkopplæringa.

Referansar

Publisert av Laila Svalheim Kristiansen. Sist endra 03.03.2016 av Laila Svalheim Kristiansen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering