Spesialundervisning

Om du ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av den vanlege undervisninga, har du rett til spesialundervisning.

 

Beskriving

Spesialundervisninga skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet gjev deg eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Du skal ha det samme totale undervisningstimetalet som gjeld for andre elevar.

Kriterium

Skulen har plikt til å vurdere og eventuelt prøve ut tiltak for å sikre deg eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa før pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) gjer ei sakkunnig vurdering.

Målgruppe

Elevar i grunnskule og vidaregåande skule

Handsaming

Før det blir gjort ei sakkunnig og før spesialundervisning blir sett i verk, skal det innhentast samtykke frå deg eller foreldra dine. Du eller foreldra dine har rett til å sjå den sakkunnige vurderinga og til å uttale dykk før det blir gjort vedtak. Et positivt vedtak skal spesifisere omfanget, innhaldet og organiseringa av spesialundervisninga.

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Rettleiing

Du eller foreldra dine kan krevje at skulen gjer dei nødvendige undersøkingane for å finne ut om du treng spesialundervisning og kva for opplæring du eventuelt treng.

Referansar

 

Publisert av Laila Svalheim Kristiansen. Sist endra 03.03.2016 av Laila Svalheim Kristiansen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering