Spelemidlar

Spelemidlar til bygging og rehabilitering av anlegg skal bidra til ein infrastruktur som gjev innbyggarane moglegheit til å drive både eigenorganisert aktivitet og aktivitet i regi av den frivillige, medlemsbaserte idretten 

Kva kan ein søkje spelemidlar til?

Det kan søkjast om tilskott til:

  • nybygg og rehabilitering av anlegg for organisert idrett
  • rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg
  • nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktivitetar i tilknyting til buområde)

Kulturdepartementet sine føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet inneheld oversikt over alle type anlegg ein kan søkje tilskot til frå spelemidlar. Føresegnene kan lastast ned via www.idrettsanlegg.no, under Publikasjonar om idrettsanlegg.

Kven kan søkje spelemidlar?

Anlegg som står oppført i handlingsprogrammet i kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014 - 2017, kan søkje om spelemidlar.

Midlar til idrettsanlegg kan søkjast av mellom anna kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap med idrett som føremål. Midlar til nærmiljøanlegg kan òg søkjast av velforeininger og burettslag

Om søknadsprosedyren

Søknader om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet skal leverast elektronisk til Askvoll kommune på fastsett skjema, innan 1. oktober. Følg lenka under for søknadsskjema.

Før du søkjer må du kontakte kommunen for å få tildelt eit anleggsnummer.

NB! Frå neste år må søkjarar om tilskot frå spelemidlar ha organisasjonsnummer for å søkje.

< Kulturdepartementet sin portal idrettsanlegg.no inneheld skjema, rettleingar og informasjon

Søknadsskjema >


Kommunestyret i Askvoll gjer prioriteringar og vedtak i tråd med Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Vedtak og søknader vert sendt til fylkeskommunen innan 15. januar. For seint innkomne søknader vert ikkje godkjent av fylkeskommunen. Fylkeskommunen vurderer søknadane, og sender oversikt til Kulturdepartementet innan 15. mars.

Kriterier

For idrettsanlegg med tilskott av spelemidlar gjeld mellom anna:

  • Anlegget skal ikkje drivast på kommersiell basis
  • Anlegget må vere med i ein vedtatt kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Det forutsetjast at organisasjonane har gjeve innspela sine i planprosessen
  • Anlegget skal ha universell utforming (vere tilgjengeleg for personar med rørsle- og orienteringsvanskar)
     

For nærmiljøanlegg med tilskott av spelemidlar gjeld mellom anna:

  • Området skal vere fritt og allment tilgjengeleg
  • Anlegget skal ikkje dekkje behov for organisert idrettsaktivitet og vanlege idrettskonkurransar
  • Reine reidskapsleikeplassar (sandkasser, husker osb.) fell utanfor ordninga

< Kulturdepartementet sine føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet inneheld meir utfyllande informasjon om kriterier og tilskotssatsar

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post