PP-teneste

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det.

 

Beskriving

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for born i førskulealder og behov for spesialundervisning for elevar i grunnskulen, vidaregåande skular og i vaksenopplæring på grunnskulen sitt område.

Opplæringslova krev også sakkunnig vurdering i ein del andre tilfelle, mellom anna

  • tidlegare eller utsett skulestart
  • fritak frå opplæringsplikta
  • teiknspråkopplæring
  • punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte elevar
  • søknad om inntil to års ekstra vidaregåande opplæring
  • søknad om inntak på særskilt valt utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1

Kriterium

Du har ikkje eller kan ikkje få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Målgruppe

Barn, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Handsaming

Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om spesialundervisning o.a.

Handsamingstid

Førespurnader om tilvising blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Søknadsfrist

Tilvisingar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Rettleiing

Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp med tilvisinga.

Referansar

 

Publisert av Laila Svalheim Kristiansen. Sist endra 03.03.2016
Fann du det du leitte etter?