Parkeringsløyve

Parkeringskort for rørslehemma gjev deg høve til å parkere på offentlege parkeringsplassar merka for rørslehemma, og er meint som ein kompensasjon for tapt gangfunksjon.

Kven kan søkje?

Førar av motorvogn som ikkje kan, eller har store vanskar med å gå, kan søkje om parkeringsløyve. Det same kan ein passasjer som regelmessig treng hjelp av førar utanfor motorvogna, og som ikkje kan, eller har store vanskar med å gå. 

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Du må sjølv innhente ei legeerklæring hos din fastlege som du må legge ved søknaden, og kommunen kan ikkje handsame din søknad dersom denne ikkje ligg føre.
 

Søknadsskjema (PDF, 2 MB)

Legeerklæring (PDF, 2 MB)


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll

eller pr. epost til postmottak@askvoll.kommune.no


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)

Håvard Yndestad
Sosialkonsulent
E-post
Telefon 57 73 45 13
Mobil 91 13 59 69
Askvollheimen - Omsorgskontoret
Administrasjon
E-post
Telefon 57 73 45 00