Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for utlendingar

Er du utlending mellom 16 og 55 år og har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, skal kommunen gi deg opplæring i norsk og samfunnskunnskap

 

 

Beskriving

Ordninga skal verke med til at du kan ta del i arbeidslivet. Til saman skal du ha opplæring i 600 timar. Opplæringa i samfunnskunnskap skal gå føre seg på eit språk som du forstår. Norskundervisninga skal gå føre seg på norsk. Du må ha gjennomført opplæringa for å få permanent opphaldsløyve og statsborgarskap.
Frå 1. september 2013 er det innført obligatoriske avsluttande prøver i norsk og samfunnskunnskap.

Det skal lagast ein individuell plan. Planen skal ta utgangspunkt i opplæringsbehovet ditt. Har du rett til gratis opplæring (se nedanfor), skal du få tilbod om vidare gratis opplæring i norsk (i inntil 2 400 timar) dersom du har behov for det. Kommunen kan krevje at det blir gjennomført ein test  for å slå fast om du har eit slikt behov.

Målgruppe

Utlendingar mellom 16 og 55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve. Dette inkluderer:

  • asylantar
  • overføringsflyktningar
  • arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira
  • personar med opphald på humanitært grunnlag og familiegjenforeinte til desse 
  • familiegjenforeinte med norsk eller nordisk borgar busett i Noreg

Pris

Tenesta er gratis for personar mellom 16-55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, bortsett frå for arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira. Dei må betale for opplæringa.

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å sørgje for opplæring i norsk og samfunnskunnskap så snart som mogleg og innan tre månader etter at krav om slik opplæring blir sett fram.

Klage

Du kan klage på vedtak om

  • tildeling av opplæring
  • vesentlege endringar i den individuelle planen
  • at opplæringa blir stansa
  • permisjon

Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast.Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Referansar

Publisert av Laila Svalheim Kristiansen. Sist endra 03.03.2016 av Laila Svalheim Kristiansen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering