Omsorgsstønad

Omsorgsstønad er meint til å økonomisk erkjenne omsorgsarbeidet den private omsorgsytaren gjere, og kan gjevast i kombinasjon med, eller i staden for, andre helse- og omsorgstenester.

Kva er omsorgsstønad?

Omsorgsstønad skal støtte opp under den familiebaserte omsorga, og gjere det mogleg for private å halde fram med å ivareta dei næraste i familien. Utgangspunktet for omsorgsstønad er at ein nærståande person påtek seg eit omsorgsansvar ut over det som er vanleg. Omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngande og overstige normal omsorg som foreldre til dømes har for sine born.

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)
 

Lover

Det er ingen som har eit klart rettskrav på omsorgsstønad, og det må heile tida vurderast i samanheng med kommunen sitt totale helse- og omsorgstilbod. Ikkje minst må det takast omsyn til om tildeling av omsorgsstønad er det beste for den som treng hjelp. Andre avlastningstilbod som kommunen kan yte må også vurderast, som til dømes skulefritidsordning, støttekontakt, heimehjelp, heimesjukepleie, institusjonsopphald eller aktivitetssenter.

Håvard Yndestad
Sosialkonsulent
E-post
Telefon 57 73 45 13
Mobil 91 13 59 69