Askvoll frivilligsentral

Frivilligsentralen skal vere eit supplement til det frivillige organisasjonslivet i kommunen.

Oppgåver

Sentralen skal vere eit supplement til det frivillige organisasjonslivet i kommunen.

Initiere, mobilisere og samordne aktivitet

Legge opp aktivitetar etter lokale føresetnader, i samarbeid med frivillige, lag/organisasjonar og andre

Stimulere til nye aktivitetar i samarbeid med andre.

Treng du hjelp til: søknader, fylle ut skjema, hjelp til å organisere noko, nokon å samarbeide med om små og store prosjekt. Ta kontakt, så finn vi ut om eg kan hjelpe deg.

Vi utfører ikkje lovpålagte oppgåver, og oppgåver nokon har som profesjon, eller det lag/organisasjonar driv med. Vi samarbeider.

Tanken er at det frivillige arbeidet skal vere tufta på det arbeidet den frivillige ynskjer å utføre. Ingen ide er for liten, eller for stor.

Bidra med det du kan

Om  du fortel  oss kva du kan, så skal vi syne deg kva du kan bidra med. Kan du symje, kjøre bil, skravle, tulle eller noko  heilt anna?

Fortel oss kva DET ER DU KAN.

Frivilligsentralen administrerer også den Kulturelle spaserstokken.

Sentrumsgarden

Du finn oss i Sentrumsgarden i Askvollsentrum (Askvollvegen 398 - der tannlegen og politiet var tidlegare).

Artikkelliste

Astrid Halstensen
vikar for leiar
Askvoll frivilligsentral
E-post
Mobil 90 84 86 27