Motorferdsel i utmark

Køyring med motorisert køyretøy i utmark blir regulert av motorferdsellova med tilhøyrande forskrifter. Personar som har trong for å nytte motortransport til føremål som ikkje har direkte heimel i lova, kan søkje om løyve til dette.

Kommunen handsamar berre søknader som gjeld køyring/landing i utmark. Helikopterlanding i bebygde område ligg ikkje under kommunen sitt ansvarsområde.

Kva krav er det for å få løyve?

Kommunen kan gje løyve til bruk av motorbåt eller fly/helikopter når særlege grunnar ligg føre. Kommunen kan gje løyve til bruk av motorkøyrety (bil, traktor, ATV, snøscooter) dersom søkjaren påviser eit særleg behov som ikkje knytter seg til turkøyring, og som ikkje kan dekkast på annan måte. Nytten skal vurderast opp mot skadar og ulemper ferdselen kan medføre.

Søknadsprosedyre

Søknader må sendast kommunanen i god tid før køyringa, og minst ei veke før.

Kommunen gjev som regel svar på slike søknader i løpet av ei vekes tid. Det kan variere litt mellom dei ulike sakene og kor lang tid det er til køyringa skal gjennomførast.

Det er ikkje søknadsskjema. Skriv eit kortfatta brev der det går fram kor tid køyringa skal føregå, føremålet med køyringa og kvifor køyringa er nødvendig

Det er ingen gebyr eller kostander knytt til sjølve søknaden. Alle kostnader med køyring i utmarka må du dekke sjølv.

Kva er rekna som motorferdsel?

Med motorferdsel meiner ein køyring med td. bil, traktor, ATV, snøscooter, båt og helikopter.

Kva er rekna som utmark?

Med utmark meiner ein udyrka mark slik utmark er definert i friluftslova. I tillegg er td. kulturbeite og skogplantefelt som ligg i utmark rekna som utmark. Skogsvegar og andre vegar i utmark vert òg rekna som utmark, og kan ikkje køyrast på utan at ein søkjer om løyve. Lasting og lossing der helikopteret står like ved bakken er rekna som start/landing, og krev løyve.

Kva er rekna som nødvendig køyring?

Nødvendig køyring i landbrukssamanhang er tillatt utan å søkje om løyve. Jakt, fangst, fiske og bærsanking reknast ikkje som landbruksnæring. Køyring av material til vedlikehald av bygningar vert normalt rekna som kurant å få løyve til. Kommunen kan ikkje gje løyve til td. å frakte ein eldre person opp på stølen, fordi han er for dårleg til beins til å gå sjølv. Dette er ikkje rekna som nødvendig køyring.

Publisert av Jeroen van Gangelen. Ansvarleg Kjersti Sande Tveit, Plan- og miljøvernleiar. Sist endra 16.11.2015 20:57 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Kjersti Sande Tveit

Plan- og miljøvernleiar
Telefon : 57 73 07 08
E-post : Send e-post

 

 
 
Login for redigering