Lokal transporttilbod for ungdom

På vegne av kommunen søkjer Askvoll ungdomsråd kvart år Sogn og Fjordane Fylkeskommune om tilskot til lokale transporttilbod for ungdom (LTU)

Kven og når kan vi bruke transportmidlane?

Tilbodet er primært retta mot ungdommar mellom 13 og 19 år. 
Midlane skal nyttast til fleksible og trygge transporttilbod for ungdom. Askvoll kommune nyttar midlane i samband med aktivitetsturar, arrangement og skyss til faste fritidsaktivitetar på ettermiddag og kveld.

Transporttilbodet skal ikkje nyttast "side om side" med vanleg buss og ferje. Det vert forventa at buss/ferja vert nytta når det passar med offentleg transport til aktuell aktivitet.

Tilbodet krev eigendel frå brukaren.

Kva kan ein ikkje nytte transportmidlane til?

  • shoppingtur til andre kommunar
  • private festar
  • idrettskampar
  • arrangement som inkluderer alkohol/andre rusmidlar

Korleis søkjer du?

Ein må søke før transporten finn stad, og dei same krava om eigenandel og aldersgruppa er gjeldande.

Send melding på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no med desse opplysningar:  

  • Litt om arrangementet 
  • aldersgruppe på deltakarar
  • tal personar som treng transport
  • namn og telefonnummer på ein av dei (desse opplysningar vert sendt til sjåføren som kontaktinformasjon for transporten)
  • tidspunkt og stad for henting
  • og kor du skal

Rapportering av transporttilboda

Det er rapporterings- og rekneskapsplikt på tilskota, og Askvoll kommune sender årleg inn rekneskap for bruken av midlane.

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11