Langtidsplass i institusjon

Langtidsplass på sjukeheimen er eit heildøgns omsorgstilbod for pleietrengande som har behov for medisinsk og sjukepleiefagleg oppfølging og stell gjennom heile døgnet.

Kven kan søkje?

Om du ikkje får dekka ditt daglege behov for pleie og omsorg i heimen eller i omsorgsbustad, kan du søkje om langtidsopphald. Søkjar må ha behov for langtidsplass i sjukeheim, og før langtidsplass vert innvilga bør det være fosøkt med tenester i heimen, som til dømes heimesjukepleie.

Kva kostar det?

Ved langtidsplass i institusjon vert eigenbetalinga basert på inntekt, og skal betalast pr. månad. Korleis eigenbetalinga vert utrekna, går fram av Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester § 3.

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)

Askvollheimen - Omsorgskontoret
Administrasjon
E-post
Telefon 57 73 45 00