Korttidsopphald i institusjon

Korttidsopphald er eit målretta og tidsavgrensa opphald på sjukeheimen.

Kven kan få korttidsopphald?

Du må ha behov for rehabilitering, habilitering, utredning eller anna for for å søkje. Før korttidsplass vert innvilga, vert det vurdert om hjelpa kan ytast i heimen, av til dømes heimesjukepleie.

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)

Det skiljast mellom tre typar kortidstilbod:

  • Korttidsopphald – utredning
  • Korttidsopphald – rehabilitering
  • Korttidsopphald – dagopphald/anna føremål

Kva kostar det?

Betaling for korttidsopphald og dag-/nattopphald på Askvollheimen skjer etter dei til ei kvar tid gjeldande lover/føresegner som vert fastsett i Helse- og omsorgsdepartementet.

  • Korttidsopphald: For tida kr. 180,- per døgn.
  • Dagtilbod for heimebuande med demens: For tida kr. 180,- per dag
Askvollheimen - Omsorgskontoret
Administrasjon
E-post
Telefon 57 73 45 00