Kommunalt næringsfond og støtte til næringsføremål

Som kjent er HAFS Utvikling AS under avvikling, og vil ikkje lenger kunne handsame søknadar til næringsfondet for Askvoll kommune. Søkjarar eller bedrifter heimehøyrande i Askvoll skal i overgangsfasen sende alle nye søknadar til Askvoll kommune ved ass. rådmann Tova Kjæmpenes. Søknader som er innsendt til HAFS Utvikling etter 02.11.2017 er oversendt den kommunen søkjar er heimehøyrande i, for handsaming.

Næringsfondet

Næringsfondet skal vere eit verkemiddel i arbeidet for å styrke næringsliv og busetting i regionen. Dette skal skje gjennom nyskaping og innovasjon i eksisterande næringsliv og ved etablering av nye verksemder i regionen.

Støtteordningar:

  • Investeringstilskot: tilskot til investering i bygg, maskiner og utstyr

  • Bedriftsutviklingstilskot: tilskot til utviklingskostnader, både ved etablering og utvikling av verksemd

  • Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur: tilskot til regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale analyser og utgreiingar.

  • Arrangementstøtte: tilskot til arrangement som har som mål å marknadsføre og utvikle regionen.

For utfyllande informasjon, sjå vedtektene for næringsfondet (PDF, 118 kB).

Støtte frå fondet vert gjeve som tilskot.

Søknadsskjema og søknadsfrist

Næringsfondet har rullerande søknadsfrist, som inneber at du kan søkje tilskot frå fondet når som helst og vil få svar innan fire veker.

Alle søknader må sendast inn via: www.regionalforvaltning.no

Dersom det er fyrste gongen du søkjer Næringsfondet må du fyrst registrere bedrifta, organisasjonen eller deg sjølv. Dette gjer du i menyen til venstre på Regionalforvaltningen si heimeside. Etter du har logga inn, klikk på "Ny søknad" og valt fylke, skal du velje støtteordning. Her vel du "Kommunalt Næringsfond Askvoll"

Kontaktinformasjon for næringsfondet

Ta gjerne kontakt med oss før du sender søknaden din

Kontaktperson: Ass. rådmann Tova Kjæmpenes, e-post: tova.kjaempenes@askvoll.kommune.no Tlf: 57 73 07 04 eller mobil 911 28 390

 

Kommunalt støtte til næringsføremål

Kommunestyret har vedtatt at 30% av inntektene frå eigedomsskatt frå verk og virke og anna næring skal settast av til nærings- og infrastrukturretta tiltak.

Tilskotet skal nyttast til finansiering av:

  • næringsretta tiltak som ikkje vert finansiert gjennom det ordinære kommunale næringsfondet.

  • kommunal eigenfinansiering av infrastrukturretta tiltak som breiband- og mobilutbygging.

  • planleggsarbeid av nye driftsbygningar innan landbruksnæringa som ikkje vert finansiert gjennom landbruket sine ordninære tilskotsordningar.

Tilskotsordninga skal ikkje vere i konkurranse med det ordinære kommunale næringsfondet.

For meir utfyllande informasjon, sjå vedtektene for tilskotsordninga (PDF, 118 kB).

Søknader om tilskot frå denne ordninga sendast til Askvoll kommune, Pb. 174, 6988 Askvoll, eller på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no. Det er ingen søknadsfrist, og søknader kan sendast inn fortløypande.  

Publisert av Jeroen van Gangelen. Ansvarleg Tova Kjæmpenes. Sist endra 15.01.2018 12:00
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
Teneste (1)
Søknadsskjema (1)
 
 
Login for redigering